
Flott avslutning på leirskuleåret
juni 19, 2025
Rekordveke på leirskulen!
august 29, 2025På måndag tok me bussen til leirskulen. Når me kom, så tok med ut bagasjen og så ropte dei ut kven som skulle sove på rom ilag. Når me hadde fiksa litt på romma og pakka ut, så jekk me i 2 grupper på ein liten bli-kjent tur og så bada dei som ville i Mosvatnet.
På tysdag padla me i kano og rodde i robåt. Me drog opp garn og fekk masse fisk, og så lærte me og sløye fisken. Me lagde bål og grilla fisken, slik at me kunne smaka. Når me hadde komme tilbake til leirskulen, åt me taco.
På onsdag gjekk me på ein fjell tur. Me vart delt opp i 3 grupper. Me lærte å tenna bål også fekk me grilla pinnebrød og ostesmørbrød. Me prøvde og å skubba ein stor stein. Da klarte me ikkje. Me hadde og bingo-orientering på veg heim til leirskulen. Til middag åt me kjøtkaker i brun saus.
På torsdag fekk me velja mellom 3 turar. Den eine var ein roleg tur opp mot Uranuten, og den andre var ein fisketur til Svartavatn. Der fekk nokon fisk. Den siste turen var opp til to toppar. Den eine heiter Såto og den andre heiter Skuteheio. Alle saman møttest ved bekken me skulle bekkevandra i. Bekkevandringa var kjempegøy. Me gjekk opp til ein kulp som me kunne hoppa og svømme i, me blei veldig våte. Me gjekk heim til leirskulen og dusja. Etter det åt me middag. På menyen var det pasta og kylling. Til dessert fekk me først frisk-is og så Brownies fordi nokon hadde bursdag. Litt seinare var det kvelds og diskotek. Der var det gøy.
Fredag var det tid avreise. Me åt frukost og så pakka me og rydda romma våre. Og etter det fekk me oppgåver me skulle gjere før me reiste heim. Me har hatt det kjempe kjekt og det har vert ein fin reise med fine opplevingar.









































