
Førjulsleirskule i storm og snø
desember 9, 2021
Gautesete 8D på vinterleirskule
januar 14, 2022
Måndag:
Når vi kom til leirskulen så fikk vi beskjed at vi skulle ta med oss bagasjen opp på rommet og skia i bortennis rommet. Så pakket vi ut og reddet på senga. Etter det så gjekk me ned i klasserommet og fekk beskjed om at me skulle ut på ein liten visningstur. Når vi kom tilbake fekk vi kvile litt og halv 5 var det middag. Vi hadde satt oss ned og da kom ein ledar inn og sa at han hadde dårlege nyheiter. Han sa at vi måtte reise heim klokka 10 på tirsdagen. Det var på grunn av at Bømlo var på rødt nivå. Seinare på dagen så var alle veldig sure og lei seg, men så fekk vi ein til beskjed til. Det var at foreldra våre hadde kjempa veldig hardt for at vi kunne vere her. Siden vi trudde at vi skulle heim så fekk vi kiosk og diskotek. Så gjekk det eit par timer, og da fekk vi vite at vi kunne vere her og at Bømlo hadde komme på gult nivå. Men det var litt trist for vi skulle jo og ha kiosk på torsdag og nesten alle hadde brukt opp pengane sine.
Tirsdag:
Vi vakna opp klokka halv 8. Da gjekk me ut av senga og gjorde oss klar til å ete frukost kl 8. Vi såg ut av vindauget og da hadde det komme litt snø. Men det var ikkje nok til at me kunne stå på ski. Så da blei det til at me gjekk tur igjen. Vi blei delt opp i tre grupper, men alle gruppene gjorde det same. Vi fekk høyre historia om Gullingen den var faktisk ganske interessant. Vi gjekk videre og såg oss litt rundt. Da vi kom tilbake til leirskulen fikk vi på oss andre kler og gjekk ned i lysløypa for å gå på ski. Så var det middag kl halv 5. Til middag var det taco. Då dagen var nesten over så var vi bare i peisestova og såg på film. Men det var noken som ville sove i bålstova dei fekk lov til det. Men det var eit par som kom tilbake til hytta for dei fekk ikkje sove.
Onsdag:
På onsdag hadde det komme nok snø til at vi kunne stå på langrenn. Vi måtte gå eit stykke før vi kunne stå på ski, men heldig vis slappe me å bære skia. Dei fekk vi legge i ein tilhengar. Vi måtte bære stavane, men det gjorde ingenting. Vi var ute i ca 5 timer og sto på ski. Når vi kom tilbake så var vi utslitne og trøtte, men vi måtte jo ete middag. Til middag serverte dei kjøttkaker med brun saus og poteter. Resten av kvelden såg vi på film og serie og koste oss. Men det var noken som ville ut og da gjorde dei det.
Torsdag:
På torsdag skulle vi stå på langrenn igjen. Då fekk vi velgje mellom to turar; ein lang og ein kort. Dei som tok den lange turen sto på ski til ein foss og prøvde på slalåm med langrenn ski. Dei som tok den korte turen gjekk ikkje like langt som den lange turen. Alle lagde hopp og løyper som dei kunne renne i. Vi fekk prøve å lage eit bål på snø. Det var ein konkurranse mellom gutane og jentene. På den lange gruppa så var det gutane som vant. Det var det på den korte gruppa òg. Så kom vi heim og da fekk vi mat. På kvelden var det kiosk og diskotek.
Fredag:
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Da var det på tide og reise heim vi pakka alt og vaska romma. Så måtte vi vente på bussen til kl 11. i mellom tiden så hadde vi skule inne i klasse rommet. Så kom bussen og vi var på veg heim.
















































