Super-førjuls veke med Sørbø

Magisk førjulsveke for 7.kl. på Hana skole

november 21, 2025

Magisk førjulsleirskule for Sørbø og Aspervika.

desember 5, 2025

Magisk førjulsveke for 7.kl. på Hana skole

november 21, 2025

Magisk førjulsleirskule for Sørbø og Aspervika.

desember 5, 2025

I denne veka har me igjen hatt gleda av å ha Sandnes elevar på 7. trinn her på leirskulen. På måndagen rulla 50 elevar i 7A og C klassen ,frå Sørbø skole inn på tunet, og no sit dei på bussen på veg heim igjen 🙂
Elevane har storkost seg, tatt alle utfordringer på strak arm, og vakse enormt mykje på denne eine veka dei har på leirskule.

Vêret har veksla frå sol, litt snø i lufta og på bakken, til fleire plussgrader og regn på torsdag.  Men elevane erfarte mykje om korleis dei skulle kle seg til turane sjølv, og då var det berre kjekt å vere ute i litt regn også.
Elevane har prøvd seg på alt me har lagt opp til, frå mørketurar til fots med faklar, til garnfiske i fleire kuldegrader det garnet frøys til, og fisken var frossenfisk før me fekk sløyd han. Alle var likevel med. Dei sløyde fisken, skylde fisken i det iskalde vatnet, grilla han på bålet, og åt opp alt av den nygrilla auren på bålet. Og alle likte det !! Onsdagen fekk dei prøve seg på tre ulike fjellturar opp i sola og snøen. og elevane strålte heile dagen i kapp med sola! På juleverkstadane gjekk det i spikking av Gullingenpinnen og ringfangaren. Nokre små kutt blei det, og det høyrer med som ein god livserfaring. Julebaksten gjekk unna med liv og lyst, og på Julefesten fann alle bordplasseringa si med nissen som dei sjølv laga. Jentene kom først til matsalen, og sto ved sine plassar, gutane kom så inn i matsalen, bukka og sa God Jul  – jentene neide og svarte  – Takk, det same. Ein gamal juleskikk frå Suldal!

Dei kjem heim i dag med mange gode minne og stor meistring, ikkje minst i det å kunne klare seg sjølv, borte frå heimen i 5 dagar 🙂 Dette er med på å gjere elevane klare til nye utfordringar i ungdomskulen til neste år.
Me på Gullingen leirskule meiner det er ein stor feil å leggje den unike leirskule-veka som har lange tradisjonar i Sandnes og resten av landet på slutten av mellomsteget, overtil Ungdomsskulen.

Uansett takkar me for «lånet» av elevane, og ønskjer alle lukke til vidare i resten av 7. klasse.

Under finn du elevane sin eigen historie frå veka, og flere flotte blinkskot frå veka.

Logg for veke 48-25

Mandag: Etter en litt lang busstur kom vi fram til Gullingen, vi kjente kald luft, snø og gode vibes. Etter vi kom litt i orden fikk vi litt informasjon om de beste dagene vi kunne ha drømt om. De snille lærerne ønsket oss velkommen med et smil. På kvelden gikk vi mørketur med fakler på veien hjem.

Tirsdag: Vi våknet til nydelig frokost-buffet og godt humør. Vi hadde morgenmøte der vi fikk tilbud om å sove i Bålstova. Anbefales på det sterkeste! Vi delte oss i grupper og gikk til vannet, der vi trakk garn og sløyet fisk Den var digg! hilsen alle! Så hadde vi juleverksted der vi lagde flere kule ting enn du kan drømme om! Noen avsluttet dagen i Bålstova, mens andre sov i senga på leirskolen.

Onsdag: I dag var det heldagstur i flott vær. Vi kunne velge hvilken tur vi ville gå. Det var tre forskjellige turer, alle varte like lenge, en var litt kortere, opp til et fjell, en var middels til ein flott utsiktstopp, og en var lang. Vi koste oss veldig på turene. På turene kunne vi grille ostesmørbrød og pinnebrød med sukker og kanel i deigen! Det var veldig godt. Om kvelden lekte vi grip mikrofonen.

Torsdag: I dag var den siste hele dagen. Vi hadde juleverksted, det var også en liten tur ute med orientering. På ettermiddagen var det julefest med god mat og smilende mennesker. Vi avsluttet kvelden med høy musikk og disko. Bare gled dere til julefesten, for det er skikkelig gøy!

Fredag: Denne dagen måtte vi dra.. Vi pakket ferdig, ryddet og skrev denne loggen. Vi sa farvel til de fantastiske og snille lærerne og gikk på bussen.
Alt i alt så var dette en fantastisk tur, og vi skulle ønske den varte lengre.

GOD JUL! Hilsen 7A og 7C fra Sørbø skole