
Haustsemning med Iglemyr
september 13, 2024
Ei flott haustveke med elevar frå Trones skole
september 27, 2024
Risvoll, Austarheim og Fløgstad skule 7.steg fekk sommar og sol heile leirskuleveka si og det er sjeldan vare. Det blei fiske, kanopadling og toppturar. Sjå meir av bilder og tekst kva dei har opplevd her:
Måndag: Me kom klokka 10.30 med to busser. Alle var veldig spente. Først pakka me ut, etter det gjekk me på ei lita bli kjent tur med bading. Når me kom heim var det lapskaus til middag og isabella is til dessert. På kvelden hadde me fritid. Mange spilte fotball, og noen var i fellesrommet. Så var det kveldsmat, og litt seinere var det veldig fin solnedgang.
Tysdag: Me våkna klokka 07.00, åt frukost og rydda. Klokka 9:00 hadde me morgensamling. Me lærte om været og korleis me skulle kle oss. Etter morgonsamlinga fekk vi veta gruppene og kva me skulle gjera. 2 grupper skulle i skogen, og 2 grupper skulle på vatnet, ro robåt og padle i kano. Dei som var i skogen lærte om planter og dyr, lagde bål og steikte pinnebrød til dessert. På slutten av dagen hadde dei bingo orientering. Til middag hadde me taco og etterpå var kiosken open. På kvelden såg dei som ville filmen Askeladden. Etter kveldsmat hadde me fritid, og me la oss 22:00
Onsdag: Me våkna, spiste frukost og gjorde rydde-oppgavene våre. På morgonsamlinga lærte me om dyra som er her på leirskulen. Dei som var i skogen i går skulle på vatnet i dag, og motsatt. Dei som var på vatnet padla kano, rodde robåt, trakk garn og sløya fisk. Me hadde bål og steikte ostesmørbrød og fisken på bålet. Dei som ville fekk lov til å bade. Så gjekk me tilbake til leirskolen og fekk kjøttkaker i brun saus me potet og grønsaker til middag. Til dessert fekk me gele med vanilje saus. Etter middag hadde me bingo for dei som ville. Så var det kveldsmat og litt bålkos med pinnebrød.
Torsdag: I dag var den siste heile dagen på leirskulen og me kunne velge mellom 4 turar. Turane var: Gullingen, fisketur i Svartavatnet, 1 toppstur til Såtå og Fossen og tur til Uranuten. Alle turene var fine og folk var fornøyd me valget sitt. På slutten av dagen enda alle turane med bekkevandring. Det va veldig kjekt, men kaldt. Til middag var det kyllinggryte med ris og grønsaker, og isabella is til dessert. Kiosken var open i dag, og flere fikk brukt opp alle pengene. Så hadde me fritid. Me spilte fotball og laga pinnebrød på bål. Risvoll fekk tilbudet å sove i bålstova.
Fredag: Me våkna klokka 07.00 som vanlig og spiste frukost. Så pakka me og alle gjorde oppgåvene dei hadde fått. Nå er det snart samling og bussane kommer kl 11.00 å hentar oss. Dette har vore ei veldig kjekt og fin oppleving. Takk for at me kunne komme og takk for masse god mat.
Helsing fra 7. klasse, Saudaskulane