Sol, Sommar og Snøbyger med Stord-elevar

Sommardagar til fjells for Porsholen

mai 16, 2025

Kjempeveke med 7. trinn frå Ganddal skole

juni 6, 2025

Sommardagar til fjells for Porsholen

mai 16, 2025

Kjempeveke med 7. trinn frå Ganddal skole

juni 6, 2025

7. klassingane frå Sagvåg og Tjødnalio skular kom opp i sommarvarme på måndagen i denne veka. Det blei mykje bading dei to første dagane, men på onsdag kom vêrskiftet, og onsdag kveld blei det både snø og haglbyger, og kraftig kuling. Torsdagen var også kjølig med spredte snøbyger på Fjelltur-dagen. På avreisedagen i dag fekk også elevane vist at dei har lært en masse, ikkje minst om å mestre sjølve livet, men også mykje om naturen. Alle var også enige om at dette var ei Super-veke.

Me takkar for «lånet» av elevane og øsnkjer dei lukke til i innspurten av skuleåret mot felles ungdomskulen til hausten.

Under finn du elevane sin eigen historie om veka, samt mange flotte bilde frå veka.

Logg for veke 21 – 2025, Tjødnalio og Sagvåg skule, 7 kl.

Mandag: Me tok buss her til Gullingen som varte i ca 2 og ein halv time. Då me kom fram, skulle me endeleg få komme inn på rommene. Då stilte me oss opp utanfor fløyen og venta på og bli ropt opp. Deretter gjekk me på ein liten «bli kjend» tur, då fortalte dei historier , me fekk sjå litt av området, og me fekk bade!

Tirsdag : På tirsdag blei me delt opp i 2 grupper der alle skulle gjere forskjellige aktiviteter. 2 av gruppene sku på vatnet, og dei andre skulle på fjellet. Då me kom heim, var alle ganske slitne, etter ein stund var middagen klar, og me fekk eta taco. Det var nok den beste maten me fekk gjennom heile veka. Sagvåg skule sov og i bålstova, og Tjødnalio sov der på onsdagen og torsdagen fordi dei var så mangen. Me hadde også kiosk.

Onsdag: På onsdag byttet gruppene, sånn at dei som var på vatnet sku på fjellet, og dei som var på fjellet sku på vatnet. Me åt middag då me kom heim, og resten av dagen kunne me egt. slappe av ganske mykje. Tjødnalio sov i Bålståvo, mens me andre sov inne.

Torsdag: Me fekk fira valg på torsdagen, enten til toppen av Gullingen, fisketur til Svartavatn, eller roleg fjelltur. Det var egt. eit til val, men ingen ville på den turen. Me åt, slappet av, og hadde diskotek når me kom heim. Me hadde og kiosk.

Fredag: me har rydda, pakka og vaska alt inne på fløyen. Me møttes inne i klasse rommet får å snakke litt om veka osv. Så kjører me heim igjen.

Det har vert ein fantastisk veke med utfordringer og kjekke aktiviteter. Takk for oss! 🙂