
Nok ei snørik veke
februar 9, 2018
Rekordkulde!
mars 2, 2018
For ei veke!
Etter ein vinterferie med mykje vind og ymse vêr, skulle 7. klassingane frå Suldal kommune og Forsand skule ha si eine leirskule-veke i løpet av grunnskulen. Og det var fulltreff og innertier 🙂 Tørr fin puddersnø, lite vind, og sol og skyfri himmel, nesten heile veka 🙂
Og elevane frå Sand, Vinjar, Nesflaten, Marvik, Jelsa og Erfjord, samt ein flott gjeng frå Forsand kommune, smilte om kapp med sola, og det var full rulle på ski frå morgon til kveld. Masse skileik med hopp, portløyper, telemarksvinger i laussnø, orgeltramp, toppturar og isfiske, trugesprint og orientering, og overnatting i Bålstova, er litt av det dei har prøvd denne veka.
No er elevane på veg heim med flotte naturopplevingar og masse praktisk lærdom i bagasjen. Godt kjende er dei òg blitt med kvarande på tvers av barneskulane.
Les elevane sin eigen logg for veka, og bli inspirert til å kome deg på ski med mange, flotte bilder frå veka.
Veke 8 2018
Hei, me er her i lag; skulane: Nes, Marvik, Jelsa, Forsand, Sand, Erfjord og Vinjar.
Måndag, kom me med buss til leirskulen og blei sendt rett inn på romma for å pakke ut. Heilt i fra dag 1 har det vert fantastisk ver og skiføre. Me hadde skileikar, og ein liten skitur, Til middag så åt me lapskaus, og fekk sjokolademousse til dessert, nam!!! Etterpå hadde me rompeakebrett-konkurranse.
Tysdag, sto me opp litt trøtte etter ei uvant seng. Men me fekk knallgod frukost før me skulle ut. Me gjekk på truger og hadde orienterings-bingo. Me hadde og masse skileik. Me fekk laks til middag og gele til dessert. På kvelden var det kiosk. Me kjøpte mykje godteri! For nokon varte det godteriet heile uka, men andre åt alt opp med ein gang.
Onsdag, var me klare for tur til Breiastøldalen. Med dei fire gruppene me blei delt inn i, gjekk me to forskjellege vegar. Den dagen hadde me veldig fint ver. Masse skileik med hopp og orgeltramp, og tur over Vindvollen. Den dagen fekk me kylling til middag og sjokoladekake til dessert. Etterpå stakk mange ned til ski-karusellen i lysløypa, der det var nokon frå leirskulen som deltok. På kvelden etter kveldsmat var det Prøve-disco.
Torsdag, fekk me velje mellom fire turar med forskjellege vanskegradar. Alle turane var fine, med fint ver. Då me kom heim, fekk me komla til middag og ispinne til dessert. Etter kveldsmat var det Fjell-disco på skikkeleg, den varte til klokka var kvart på ti.
Fredag var det heimreise. Det starta med felles frukost der me fekk informasjon om dagen vidare. Alle fekk oppgåver før eksamen i klasserommet.
Felles for heile veka var fint ver og bra skiføre. Me trur alle har hatt ei fin veke, og me har blitt kjent med mange nye folk!
Takk for oss!!











































































