
Flott vinterveke for Gautesete skule
januar 12, 2018Tøffe elevar frå Mosterøy og Vikevåg
januar 26, 2018Me er komne til midt i januar no.
I denne veka har me hatt gleda å lære 63 flotte 6. klassingar frå Rosseland skule om skiglede i puddersnø.
Og elevane har storkost seg på ski med laussnø-kjøring, skileik og flotte skiturar. Dei har òg fått prøve seg på truger, og på rompebrett. På kveldane har dei vore meir på ski eller gravd seg ned i snøhaugane rundt leirskule, og heile vegen har me berre sett store smil på dei, etter kvart som skidugleiken har auka monaleg. På oppsummeringa kom det og fram ein masse god læring både på ski og sosialt.
Under finn du elevane sin eigen logg og masse flotte bilder frå veka.
Takk for «lånet» av gilde Rosselands-elevar.
Logg veke 3-2018
Rosseland skule, 6.trinn
Etter ein lang busstur var me endelig framme på Gullingen. Etter å ha pakket ut og funnet oss til rette, gjekk me ut i lysløypa og fikk prøvd skia våre. Etter ei god stund der nede i lysløypa fekk me servert verdens beste lapskaus me sjokolade-moussè til dessert. NAM!:)
På tysdagen blei me delt inn i 4 grupper. Gruppe 1 & 2 var i skileiken og koste seg i bakkene. Mens gruppe 3 & 4 hadde bingo-orientering på truger. Joho:) Den dagen hadde me laks med pasta og kvit saus til middag, til dessert hadde me sjokoladekake. Den var deilig, NAM!:) Den dagen var det også kiosk med mykje godt. Dette kallar me ein sprek dag:)
På onsdagen gjekk me på tur. Me hadde med oss god niste og pinnebrød. Me tente bål og hadde orgel-tramp og mykje anna gøy. Til middag denne fine dagen hadde me hønsefrikassè og til dessert var det kjempe god gele med vaniljesaus:) Om kvelden hadde me rompebrett-konkurranse, det vart veldig jamt, men vinnaren vart Ella.
Nå var vi komne til torsdag, allereie! Det har godt så sinnsykt fort. I dag fekk me velgja kva tur vi ville gå. Du kunne gå på fjelltur, tur i spor og ein litt mindre tur. Me hadde KOMLA til middag. Det var kjempe godt. NAM!:) I dag var også kiosken open. På kvelden var det disko med masse musikk, Limbo og dans. Me måtte òg starte å pakke litt, sånn at det ikkje blei for travelt.
Nå er det fredag. Den siste dagen av de alle:( Denne dagen går vel eigentleg bare til rydding og vasking. Tusen takk for ei fin veke her på Gullingen leirskule:) helsing alle oss på 6.trinn.
Tiril og Malene:)



































