Rommetveit og Hystad skule på minnerik leirskuleveke

Ei flott haustveke med elevar frå Trones skole
september 27, 2024
Super haustleirskule for Stangeland-elevane
oktober 18, 2024
Ei flott haustveke med elevar frå Trones skole
september 27, 2024
Super haustleirskule for Stangeland-elevane
oktober 18, 2024

Logg veke 40-24

Hystad og Rommetveit skular

Måndag : I dag reiste me kl. 08:15 på morningen og kom fram til Gullingen leirskule rundt 11:25.  Me pakka ut tingene vårast og la på sengetøy.  Me var ute og inne og lekte og hadde det gøy. Så fekk me litt info i klasserommet. Etter det gjekk me på ein liten bli kjent tur, som endte i bading for dei som ville det. Så var det tid for middag. Me fekk lapskaus til middag og til dessert fikk me isabella is.  Til kveldsmat fikk vi skive med masse godt pålegg.

Tysdag : I dag våkna me opp rundt 07:00. Så spiste me frokost.  Kl. 09:00 var det morgonmøte og me fekk info om dagen og lærte om veret.  Etter det blei me delt inn i 4 grupper gruppe 1 og 2 skulle på Mosvatnet og ro robåt og padle tremannskano. Me drog og opp garn og fekk opplering på kordan man sløyer fisk og griller den. Gruppe 3 og 4 skulle opp i skogen og gå på tur med masse gøye lekar på veien. Me grilte pinnebrød og ostesmørbrød lagde kullstiftar, og malte oss heilt svarte i ansiktet. Nokon teikna briller rundt augene mens andre teikna seg ikkje i det heile tatt. Når me kom heim måtte me vaske fjeset før middag med taco! Me var knallfornøgde det blei ikkje dessert men det var på grunn av at det blei kiosk istedet. Så skulle A-klassen frå Hystad i bålstova. Dei starta som 22 og endte som 10.

Onsdag : I dag våkna me også opp rundt 07:00, så spiste me frokost. Etter at alle hadde gjort oppgåvene sine var det morgonmøte 09:00.  På morgonsamlinga lærte me om planter og dyra her på Gullingen. På onsdagen var dei som var på Mosvatnet på tirsdagen i skogen og omvendt. Til middag fekk me kjøttkaker med poteter og grønnsaker. Det var skikkelig godt. Me fekk og dessert som var gele med vaniljesaus. Me hadde og spelekveld og grilling og fisking for dei som ville det.

No var det B-klassen på Hystad som skulle sove i bålstova. Dei starta som 20 og endte som 9.

Torsdag : Me blei vekt rundt 07:00 og spiste frokost. Etter det var det morgenmøte kvar me fekk velge mellom fjellfisketur, totoppstur, eintoppstur og rolig tur. Det var så få på eintoppstur at den blei avlyst. Etter turane møttes me for å bekkevandre og der var det ei steinsklie i elva som var veldig gøy. Me måtte henge kledene våre på lekestativet fordi dei var så våte. Deretter var det middag og me fekk kyllinggryte med ris. Det var kiosk og is til dessert. Seinare var me på diskotek, det var og veldig kjekt. Så var det Rommetveit sin tur. Der var det 29 som starta og 17 som sov gjennom natta.

Fredag : Me sto opp og begynte og pakke før me spiste frokost. Etter frokosten hadde me oppgåver og rydda ferdig. Me hadde eit morgenmøte og så dro me heim. Tusen takk for oss, det har vært veldig kjekt her!