Rommetveit og Hystad 7. trinn fekk ei opplevelsesrik veke på leirskule denne veka.

Super haustveke med elever frå Trones skole

september 26, 2025

Gode opplevingar og lærdom for Stangeland skole

oktober 17, 2025

Super haustveke med elever frå Trones skole

september 26, 2025

Gode opplevingar og lærdom for Stangeland skole

oktober 17, 2025

Elevane på Rommetveit og Hystad 7.trinn har nettopp fullført ei knallkjekk leirskuleveke med mykje mestring og læring. Sjå meir her av logg og bilder:

Måndag: På mandag så møte me opp på skulen kl 08:15 pakket og klare, alle gikk inn i bussen og me køyrde cirka kl 08:45. Bussturen var lang, men med ein liten pause så gjekk da bra. Då me kom opp på Gullingen så blei me fordelt i rom og pakket ut og blei kjent litt meir med området.Så spiste me middag, me fekk lapskaus til middsag og til dessert så fikk me isabella is. Etter middag gjekk me ned i klasserommet og fekk litt meir info om Gullingen, etter da så blei me delt opp i tre grupper og gjekk ein bekjent tur i skogområdet etter tur kunne me gå ned til Mosvatenet og bade for dei som ville. Etter bading så fekk me slappe av og pakke sikkelig ut, så var da ned til Mosvatnet igjen og finke for dei som ville, ussiker på om me fekk fisk

Tysdag: Morningen starta 07:00 for då måtte alle stå opp, frokosten starta 07:30 og serverte frokostblandig og skive med pålegg. Me måtte ta med nistepakke og smøre nista sjølv, dagen før leverte me thermosen vår inn til kantino i middagen og fikk no den lervert tilbake med enten varm eller kald drikke. Etter frokost gjekk alle ned i klasserommet for og få info om dagen, me blei delt opp i 4 grupper der to av dei skulle ut på vatnet og fiske mens dei 2 andre gruppene gjekk i skogen. Dei på vatnet var i robåt og kano og dro opp fiskegarn, den eine gruppa fekk 27 fisk mens den andre fekk 8 og fisken blei sløyd og grilla på bålet av elevane. Dei i skogen gjekk tur i skogen og hadde litt og både planter og liv i skogen. Dei hadde og bål og pinnebrød pluss orientering. Når me kom til bake spiste me middag og slapte av i fellesrommene. På kvelden fekk jentene på Hystad lov til og sove i bålstova.

Onsdag: Morningen starta hard for alle. Me måtte stå opp klokka 07:00. Til frokosten fekk me det me pleier å få: Skiver og frokostblanding. Etter frokost, som vanleg, gjekk me ned til klasserommet og fekk informasjon om dagen, og undervisning. I dag så bytta skoggruppene og fiskegruppene med kvarandre. Denne gangen fekk fiskegruppene 8 og 10 fisk. Når dei skulle vera i kano, så velta 5 jenter og 3 gutar i vantet. Til middag så fekk me kjøttkaker og poteter i brun saus. Det var veldig godt. Desserten var friskis. Etter middag spelte dei fleste fotball, og nokon spelte kort og slappa av. På kvelden så fekk alle på Rommetveit sove i bolstova, men det blei litt drama, så ingen fekk lov allikevel.

Torsdag: I dag så gjekk alle opp til frukost, og pakka maten sin. Etter frokost så rydda me litt på rommene og slappa av. Så gjekk me i klasserommet og fekk vite kva slags tur me kunne velge å gå. Turane me kunne velge mellom var: To-toppstur, fisketur, ein-toppstur, og ein roleg tur. Alle turane endte i bekkevandring, som var veldig gøy, men kaldt. Det var sklier og kulpar som me kunne hoppe og bade i. Etterpå var alle veldig kalde og venta på ein varm dusj inne i garderoben. Men det var long kø på dusjane og varmtvatnet holdt ikkje så veldig lenge. Så nokon fekk isdusj. Til middag fekk me kyllinggryte og ris. Til dessert fekk me sjokolade mousse, og vanilje saus. Kiosken var open på tirsdag og torsdag. Den opna kvart over fem. Alle hadde med seg 150kr til det. Etter det var det litt rydding og avslapping. Så kom kveldsen og disko like etterpå. Alle dansa og hoppa til msikken. I dag var det guttane på Hystad som skulle sove i bålstova. Det var gøy men også veldig kaldt.

Fredag: No var reisedagen kommet og morningen var tung. Alle holdt på å pakke baggene sine til bussturen hjem til Stord. Alle måtte gjøre rydde oppgavene sine før avreise sånn att da var klart til neste skule i veke 41 eller 42. Heile turen har vert lærerik, kjekt og gøy for alle. Me har skapt minner for livet med både tur, venner og samhald. Bussen går kl 11:00 så me er sikkert framme 13:30 eller 14:00. Alle er litt triste men og sikker veldig glad for denne opplevelsen. Me har storkosa oss, takk frå oss på Hystad og Rommetveit.