
Vintergleder
mars 16, 2018
Frå snøstorm til sol
april 6, 2018
Flotte vinterdagar veka før påske for Svortland skule 7.kl. Siste turdagen var reine påsketuren med nysnø, sol og vindstille.
Her er noko av det elevane opplevde denne flotta veka:
Me har lært veldig mykje denne veka. Alt frå skigåing til isfiske.
Maten er god og alt er veldig fint her.
Kvar dag har me lært noko nytt. Me har og lært om ville dyr her oppe, snøskred ,utrygg is, behandling av skadde og skiferdighetar. Lærerene på Gullingen er snille og kjekke, flinke til å lære oss ting sjølv om det er vanskelig og vi har blitt godt kjendt med dei. Torsdagsturen var heilt magisk, ein god forsmak til påsken som no er rett rundt hjørna.
Me kjem til og savne dette stedet. TAKK FOR OSS!








































