
Ei super veke med elevar frå Haga skole
oktober 24, 2025
Magisk førjulsveke for 7.kl. på Hana skole
november 21, 2025
Leirvik skule 7. steg fekk æren av å avslutte haustsesongen på Gullingen leirskule. I flott haustvær fekk me ei fullspekka veke med friluftsliv. Sjå meir av det dei opplevde her:
Mandag: Me kom til Gullingen i cirka 11 tida. Me fekk rommene, og me begynte og pakka ut. Så spiste me nista og gjekk på tur ned til vatnet og tok det siste haustbadet for dei som ville, det var 4 grader i vatnet. Når me kom til leirskulen var det god middag, kjøtkaker i brun saus med friskis til dessert. Litt mindre en halve trinnet gjekk på mørketur i det nye haustmørket mens resten hadde frileik på leirskulen. Deilig kvelds og god søvn, og så gleder me oss til ein ny dag på Gullingen leirskule.
Tirsdag: I dag starta me dagen med ein god frokost. Etter det var det rydde oppgåver og morgon-samling. I dag var det ein dag ved vatnet. Me padla kano, rodde i robåt, tok opp garn, sløya fisk, tente bål og åt fisk. Me avslutter dagen med middag, bordtennis turnering og kiosk. I dag har halvparten av dei som har lyst til å sova i bålstova, lov til å sova i bålstova.
Onsdag: I dag hadde me ein dag i skogen. Me tente bål, hadde leik og til slutt orientering.
På slutten av turen ville mange inn, fordi det sludda. Til slutt var det middag, frileik og soving. I dag får andre halvparten sova i bålstova.
Torsdag :I dag fekk me velgja mellom tre turar, to-topp tur, ein-topp tur og fisketur. To-topp tur gjekk turen til ein fin stein kunst på fjellet, der me fekk brukt ferdighetane me har lært den siste veka. Dei fekk og sett ein hare på nært hold. På ein-topp turen fekk dei sjå kulmine og kulturminner, når dei kom fram tente dei bål og spiste pinnebrød. På fisketuren gjekk dei opp til fjellvatnet og fiska, men det blei dessvere ingen napp. Når alle kom ned fra fjellet blei det bekke-vandring på dei fleste, i iskaldt vatn. Når me kom tilbake til leirskulen var det å ta seg ein varm dusj før middag. Etter middag var det kiosk og quiz. Kveldsmat og diskotek til slutt.
Fredag: I dag var det avreise dagen. Etter frokost var det rett på pakking og ryddeoppgåver. Så er det samling i klasserommet med vising av bilete, også er det avreise. Takk for ein fin veka på Gullingen leirskule.




























































