Minnerik veke for 7.klasse-elevane frå Forsand skule og Suldal

Kjempeflott vinterveke med elevar frå Håland skole, Sola skule og Stord kristne skule

mars 8, 2024

Gode opplevelasar for Figgjo og Sørhåland barneskole

mars 22, 2024

Kjempeflott vinterveke med elevar frå Håland skole, Sola skule og Stord kristne skule

mars 8, 2024

Gode opplevelasar for Figgjo og Sørhåland barneskole

mars 22, 2024

Denne veka har alle 7.klassingane i Suldal (Nesflaten, Vinjar, Sand, Erfjord, Marvik og Jelsa) vore samla på Gullingen leirskule ilag med 7.klasse frå Forsand skule. Det har vore ei veldig kjekk veke dei har hatt i lag. Mange har fått røyna seg i det varierande vêret, hoppa mange hopp på ski og gått fine turar. Dei har hatt måltid i lag og delt rom. Mange nye vennskap har oppstått på tvers av skulane.

Elevane har oppsummert veka i loggen:

Veke 11 – 2024 Forsand og Suldal

Måndag: Me kom fram mellom 11 og 12 og Forsand kom seinare, så blei alle samla og fekk tildelt rom. Etter det så pakka alle seg ut, også gjekk me ned til klasserommet. I klasserommet fekk me informasjon om leirskulen, når det var ferdig så gjekk me og skifta og gjorde oss klare til skileik. Etter skileik var det pause fram til mat. Når me hadde ete lapskaus var det akekonkuranse, først Forsand, så Suldal. Amund vant for Suldalsskulane. Etter at konkuransen var ferdig var det kveldsmat. Alle blei stille etter kl 22:00

Tysdag: Tysdagen starta med fint ver, klokka 08:15 åt me frukost. 09:00 var det samling i klasserommet. Der blei me delt inn i fem grupper, og me fekk informasjon om turen. Me blei samla nede på parkeringsplassen. Alle gjekk innover i Breiasstølsdalen. Gruppe 1,2 og 3 slo leir i skileiken, mens 4 og 5 slo leir på solsida. Alle lagde bål og hadde skileik. Me gjekk heim og venta på middag, til middag var det taco. 20:15 var det kveldsmat.

Onsdag: Me sto opp klokka 07:15 og kledde på oss. Klokka 08:15 var det frukost. Etter det gjekk me ned i klasserommet og fekk informasjon om gode klede i ulik type ver. Me blei delt i to grupper, nokon gjekk på ski først mens dei andre gjekk på truger. Det regna veldig mykje.

Torsdag: Torsdag var det turdag på leirskulen. Me fekk presentert 4 ulike turar, og elevane valde sjølv kva tur dei ville gå på. Det blei 3 flotte turar! Ei gruppe gjekk opp i høgda over Reinsstølen. Turen gjekk litt i spor, men mest laga dei sine eigne skispor. Dei fann også ein god skavl til å grave snøhole i. Ein stor gjeng ville på mellomtur og «ønskereprise» inn til løypekrysset i Breisatølsdalen. Her vart det mykje renning i bakkane og hoppa mange hopp. Ein god gjeng valde skitur i lysløypa, med bålkos i lavvo og isfiske på Mosvatnet. Ingen napp, men ei kjekk oppleving.

Fredag: Så var det tid for å pakka tinga, og rydda etter oss. Takk for laget og takk for oss!