Mange gode opplevingar for Finnøyelevane på Gullingen leirskule.

Superveke for 8.klassingane på Rennesøy

februar 16, 2024

Kjempeflott vinterveke med elevar frå Håland skole, Sola skule og Stord kristne skule

mars 8, 2024

Superveke for 8.klassingane på Rennesøy

februar 16, 2024

Kjempeflott vinterveke med elevar frå Håland skole, Sola skule og Stord kristne skule

mars 8, 2024

Finnøy skule 8.trinn fekk ei god leirskuleveke med mange flotte opplevingar. Me har hatt korte og lange skiturar, trugetur og isfisketur m.m. Sjå meir av tekst og bilder under.

Veke 8-2024. Finnøy 8.trinn

Mandag:Me reiste frå Finnøy kl 8 med båt, med denne båten henta me elever frå dei andre øyene.Me tok båten viudere til Jelsa, der venta bussen på oss. Bussen tok ein liten time, det var mange som var spente til oppholdet våres på leirskulen. Når me kom fram pakka me ut, fekk informasjon, og hadde vår første skileik. Leirskulelederene våres hadde gjort klar forskjellige aktiviteter til oss, stivheks og hauk og due. Seiner på kvelden etter me hadde hatt lapskaus til middag,etterpå hadde me rompebrettkonkuranse, då vant Eliza.

Tysdag:Me blei vekket kl 7 for å rekke frokosten, dei som hadde kjøkkentjeneste måtte gå opp eit kvarter før oss andre, for å hjelpe kokkene med å dekke på. Etter frokosten hadde me morgensamling der vi lærte om dyr og dyrespor i snøen. På tysdag fekk vi prøve truger, mange hadde ikkje prøvd truger før.  Då gjekk me på fjelltur, hadde kappløp, og hadde bingo. Etterpå øvte me på ploging og svinging på ski.

Onsdag:På onsdag hadde me vår første langtur, me blei delt inn i tre grupper. Me gjekk kvar vår vei, men me møttes å lagde bål på samme plass. Der hadde vi skileik, rant under porter, rant på rekker og lagde eit stort hopp. Så gjekk me heim alle sammen i lag. Då hadde me kjøttkaker og poteter til middag, me var så heldige å få sjokolademouse til desert.

Torsdag:På torsdag fekk me velge lengden på turen me ville gå sjølve. Me kunne velge i mellom ein kort, ein mellom, og ein lang tur. Den korteste turen gjekk til lysløypå, ved Mosvatnet, der prøvde dei isfisking. Den mellomste turen gjekk samme tur som onsdagen til Løypekrysset, der hadde me bål og skileik. Den lengste turen gjekk på ein lang fjelltur til Reinstøl. Alle gjekk heim på forskjellige løyper, alle rakk middag, då hadde me kylling og ris. Kveldens underholdning var disko, det var ein stor suksess.

Fredag:Fredag blei ein rydde og pakke dag, alle blei tildelt forskjellig rydde oppgåver, som å koste gangen, vasker toalettene og rydde i stova.  Me hadde ein siste samling der me hadde tilbakblikk frå heile turen. Alle hadde forbedra seg på ski i løpet av turen, og alle var veldig fornøyde med oppholdet våres her på Gullingen.

Tusen takk for eit flott opphald på leirskulen