
Kan me få det betre? Den perfekte vårskiveka!
mai 5, 2017
Aspervika og Sørbø feirer våren på fjellet
juni 2, 2017
Omsider har vinteren mista taket. Den andre veka i mai har me framleis skiføre, men det minkar. Mange elevar har brukt skia kvar dag, og andre har padla på isflak og gått til fots med vekslande barmark og snøfonnar.
Hei!
No har me vore på Gullingen i ei veke.
No skal me fortelje litt om kva me har gjort her 😀
(Mandag)
Mange lærte å stå på ski. Me har lært mykje om naturen og om Suldal. Mange stod på ski etter middag og kvelds.
(Tysdag)
Me gjekk på truger. Det var veldig gøy å få prøve det. På kvelden var det nokre som blei med Jan Erik ned til Mosevatnet å seilte på isflak.
(Onsdag)
Idag lærte me å lese kart. Me skulle finne 10 ulike postar med ulike nummer.
Vinnarpremien var ein slikkepinne til kvar person på laga som vann.
(Torsdag)
Me fekk velge mellom 3 ulike turar, ein lang skitur, ein kort skitur eller ein fottur.
På kvelden blei det og diskotek. Dette var ein veldig kjekk dag, og kanskje vår favoritt.
(Fredag)
I dag blei me vekt litt tidelegare enn vanleg, for me skulle reise heim ca.11:00. Alle fekk ulike oppgaver før me skulle dra heim.
Denne veka har vore kjempegøy! Alle har hatt det gøy og kost seg masse.
Tusen takk for oss, Gullingen leirskule!
Skrevet av :Shahed, Helene,Emilie og Edvard.



















































