
Flott start med Iglemyr skole
august 25, 2017
Topp veke med Malmheim og Leirvik
september 8, 2017
Elevane frå Langeland skule, 7.trinn på Stord har storkost seg på Gullingen i denne veka. Ein smilande og aktiv gjeng har prøvd det meste, og lært ein masse om natur og friluftsliv. Me takkar for «lånet» av elevane, og oppfordrar alle til å drive meir med friluftsliv. Under kan du lese ein flott og fyldig elev-logg frå veka.
Langeland på Gullingen
På mandag kom me fram til Gullingen, etter ein lang busstur.
Me pakka ut og fekk beskjed om å møta i klasserommet. Der fekk me informasjon om veka fram for oss. Etter på gjekk me på skogstur, me fekk og bade i det iskalde Mosvatnet.
På tirsdag blei me delt inn i fire grupper, to av gruppene skulle på vatnet å dra opp fiskegarn, dei skulle og sløye fisken. På skogsturen lærte dei om sopp, mose, bregner og plantelivet i skogen. Der lagde dei og kullstiftar. Då alle gruppene var komen ned, fekk me laks til middag. Det var kjempegodt!
På onsdag var skogsgjengen på vatnet og gjengen på vatnet i skogen. På onsdagen var det finare ver enn på tirsdagen, så me fekk lov til å bada. I skogen hadde me og oienteringsbingo, med slikkepinne som premie. Som de klomsete sjuende klassingen me er, måtte selvfølgelig nokon detta uti det kalde vatnet. Til middag fekk me deilig kyllinggryte med gele til dessert.
På torsdag kunne ein velge om ein ville dra på toppen av sjølvaste Gullingen, fisketur til Svartavatnet,Topptur til Såto eller ein lett rusletur. På Gullingen var det kjempefin utsikt og fint vêr. På fisketuren fekk dei fem fskar på stong. På Såta var det og fin utsikt. På alle turane brente me bål å hadde med oss kakao. På slutten av turane var det bekkevandring. På bekkevandringen var det glatte steinar og kaldt vatn, og ein kunne hoppe uti ein kulp å bli dassblaute. Det var det kjekkaste i heile veka! Då me var ferdige og tørre, fekk me komla med is som dessert.
På torsdagen var det og eit diskotek som me på Langland like og kalle drametek.
På fredag måtte meg dessvere pakka til heimturen, gjennom heila veko fekk alle ellevane ein plikt som foreksempel var: vekkafolk, laga klart til frokost\middag eller kvels og rydda på forsjeliga plassar. Og sjølv på den siste dagen fekk me alle rydde ansvar untatt oss: Martin, Mathilde, Laurense og meg Denice som fekk ansvar om og føra logg for heila veka, som me har slitt hardt med i heile ein time:-) takka for gode minne og gode opplevelsa
Opplevd av: 7 trinn på Langeland skule
















































