Kjekk vinterleirskule-veke for Bokn og Svortland

Super veke med Håland og Malmheim skoler
januar 31, 2025
Sol og ski med Rennesøy skole
februar 14, 2025
Super veke med Håland og Malmheim skoler
januar 31, 2025
Sol og ski med Rennesøy skole
februar 14, 2025

6. og 7.klassingane på Bokn skule møtte 7.klassingane frå Svortland skule til felles leirskule denne veka. Dei fekk ei flott vinterveke i lag. Kjekt med nye bekjentskap og mange fekk oppleva stor meistring på ski. Veka var variert, innahaldsrik og kjekk, men for mange vart nok torsdagen eit høgdepunkt. Suldalsfjella viste seg frå si beste side i vintersola, og mange smilande elevar kom tilbake til leirskulen denne dagen.  Her er eit lite knippe bilder frå veka og ein tekst som elevar har skrive i loggen:

Veke 7 – 2025: Bokn skule og Svortland skule

Måndag: På mandag når me kom fram så pakka me ut baggane våras, itte me hadde pakka ut så møttest me i klasserommet, så blei me delt inn i to grupper. Den eina gruppo sto på ski i lysløypo og den andra gruppo va i skileiken, der begge gruppene gjorde aktivitetar. Te middag fekk me pølselapsgaus og is te dessert. Itte middag fekk me velga om å gå i skileiken eller om å ver med Aina i skogen for å gå fakkeltog, og sitta i bålståvo med bål og historiar. Inne i ståvo på fløyane så spelte me brettspel og snakka ilag,

Tysdag: På tysdag våknet me tidlig for og eta frukost og gjera oss klare til dagen. Når me var ferdig med frokost gjore me vaske oppgaver og gjekk til klasserommet for og ha time der me fikk vete ka me skal ha på oss og læra ting. Me blei delt inn i fira grupper og dei fortalte ka me skulle gjer. Fyst gikk gruppe tre og fira på truger og gjor orienteringbingo. Imens gruppe ein og to gikk på ski i skileiken. Etter på bytta me aktiviteter. Til middag fikk me taco og kiosken var open på kvelden. Etter me hadde spelt litt og dei som ville fekk stå på ski i skileiken var det kveldsmat. Så låg me oss og sov.

Onsdag: På onsdag så våkna me kl 7 for å gjer oss klar til frukost. Etter frukosten så gjekk me tilbake til fløyen for å rydda å kle på oss, og gjer vaskeoppgavene våras. Etter det så gjekk me til timen, der me fekk læra om dyr, og sporene deiras, så me kan kjenna dei igjen i skogen. Og me blei delt inn i fira grupper der gruppe ein og to tok skiene sine i tilhengeren og gjekk op til breiastøldalen, og tok på seg skiene der oppe, imens gruppe tre og fira sto på ski opp der. Me hadde ein liten matpause når me kom der, og etter da så gjekk me lengre inn i løypo å satt opp lavo, og hadde bål. Me fekk renna i bakkane og leka litt med ski, når me hadde bålpause så grilla me osteskive og pinnebrød til dessert. Så gjekk me tilbake og fekk renna ner den store bakken til leiskulen. Til middag fikk me kjøttkaker, potete og grønnsaker, og til dessert va det sjokolademousse med vaniljesaus. På kvelden var det disco, brettspel og film. Etter det så gjekk me å la oss.

Torsdag: På torsdag våkna me og fiksa oss, så gikk me og åt frokost. Når me var ferdige gikk med til timen der me lærte om snøskred og kordan man hjelper viss noen blir skadet av snøfarer. Så fikk med velga mellom tre turer, som var middels, lang og kort, så fikk me gjort oss klare og fikk på oss ski. Også begynte alle gruppene og gå til plassen dei har velgt og gå, og grillet og gjor aktiviteter som og renna i bakken, på vei heim så fikk gruppe ein renna ner heila fjellet til leirskulen. Så kom me tilbake og åt middag som var kyllinggryte og ris. Også fekk me is til dessert og kiosken var open på kvelden, så fikk me renna i bakkane og væra i skileiken og så kunne dei som ville spela brettspel gjera da. Etter det va da kvelds og så disco. Så gjekk me og la oss.

 

 

 

 

Fredag: På fredag så våkna me for å gjer oss klar til frukost. Så pakka me ut og vaska oss ut, så leverte dei som hadde lånt ski det inn. Så flytta me baggane og skiene våras ned til parkeringsplassen, så venta me på at timen sku begynna, og hadde avsluttning, og blei henta av bussen.