Grannes skole og Suldalsskulane har kosa seg i snøen

8.klasse frå Hjelmeland og Goa

februar 22, 2019

Spreke øy-væringer i nysnøen

mars 15, 2019

8.klasse frå Hjelmeland og Goa

februar 22, 2019

Spreke øy-væringer i nysnøen

mars 15, 2019

Mandag:
Me kom til Gullingen på formiddagen og pakka ut. Først hadde me skileik og etterpå spiste me lapskaus med sjokolademousse. På kvelden gjekk med mørketur med faklar og kikka etter huldrefolket i skogen.

Tirsdag:
Me sto opp og hadde frukost. Der fekk me litt informasjon om dagen. Så gjorde dei som hadde oppgåver, oppgåvene sine. Me gjekk til klasserommet og hadde cirka 1 time undervisning om kva  som var lurt å pakke og kva som var lurt å ha på seg på tur. Etterpå gjekk me på tur til Breiastølsdalen. Me hadde med 2 pulker som nokre elevar fekk prøve å dra. Det var 4 grupper som hadde kvar sin lavvo der me laga bål og grilla ostaskjeva. Etterpå var det skileik for dei som ville. Så gjekk me tilbake til leirskulen der me hadde taco til middag. Den dagen var det også kiosk. Mange av elevene såg «Kill Buljo» og hadde litt fritid før kveldsmaten. På kvelden fekk Grannes skule sova oppe i bålstovå. Det var sju av tjue elevar som sov der gjennom heile natta.

Onsdag:
Me sto opp og hadde frukost osv. Så gjorde folk oppgåvene sine før me gjekk til klasserommet og hadde om økosystem og dyr i naturen. Etterpå  kunne ein velge kva for ein tur du ville vere med på. 1: Reinsstølen (lengst og mest krevene) 2: Breiastølsdalen (Lett men lang tur) 3: Lysløypa (veldig lett tur). Me hadde lunsjbål og skileik på alle turane. Då me kom tilbake var det laks og tagliatelle (spagetti) til middag. Til dessert var det sjokoladekake. På ettermiddagen såg mange «need for speed» og hadde frtid til kveldsmaten. På kvelden fekk dei fra Suldalsskulane sova i bålstova.
Den dagen var det kun tre som sov der. Mange blei redde fordi det var snøstorm.

Torsdag:
Me sto opp og hadde frukost osv. Så gjorde folk oppgavene sine, før me gjekk til klasserommet. Der lærte me om farar på tur. Etterpå blei me delt inn i to grupper. Den eine gruppa hadde skileik og den andre hadde tur på truger og orienteringsbingo. Så hadde begge gruppene lunsj. Etter ei stund bytta gruppene på kven som gjorde kva. Sida det var snøstorm fekk Suldalsskulane sova i bålstovå denne natta og. Det var kun fira elevar som sov der heila natta.

Fredag:
Me sto opp og åt frukost. Så pakka me tinga våre og fekk oppgavar. Før me kjørte hadde me eit oppsumeringsmøte, der me snakka om kva me hadde gjort i løpet av veka. Suldals

skulane kjørte i cirka 20 minuttar med buss, Grannes skule kjørte i cirka 3 timar og tok to ferjer.