Rosseland i all slags vær
mars 31, 2017Gullingen leirskule – ein stad for naturoppleving og læring
april 7, 2017Forsand skule og Sørhåland skole 7.kl 3-7 april 2017
Mandag: Når me kom fram så såg me Torill som sto og ønska oss velkommen til Gullingen. Det var blå himmel og sola skein.
Først gjekk me til romma våres og rydda alt til. Etter på gjekk me ned til klasserommet og fekk litt informasjon om kva som skulle skje. Så hadde me litt fri skileik oppe i bakkane, og etter det hadde me middag ( lapskaus ). Resten av dagen var det mest frileik saman med den andre skulen ( Sørhåland skule ).
Tirsdag: Då me hadde vakna og spist frukost skulle me gå ein tur. Me fekk velga om me ville gå ein lang eller kort tur. Då me kom fram lagde me ein levegg, men det regna så mykje at me måtte sette opp ein lavvo. Me grilla osteskjever. Mange var kalde. Me kom heim og spiste ( laks og pasta ). Kiosken opna etter middagen og alle kjøpte mykje. Resten var fritt.
Onsdag: I dag var dagen for å gå på truger. Me var ein stor gjeng, og blei delte opp i to lag. Me hadde orienteringsbingo og avslutta med å grille i bålstova. Etter det var det skileik i bakkane. Så var det middag ( kyllinggryte ). Resten av dagen satt me i A og B fløystua. Alle frå begge skulane hadde blitt gode venar. Nokre fekk seg kjærast.
Torsdag: Me sto opp som vanlig ( 07:30 ) og spiste frukost. Etter frukosten måtte me sei farvel til Sørhåland. Alle kom til å sakne kvarandre ( spesielt kjæresteparet ). Så gjekk me til klasserommet og hadde undervisning. Me snakka om foskjellige farar oppe i fjellet. Etter det gjekk me tur, me laga egne skispor og datt kjempe mykje. Etter all dettinga avslutta me turen i bålstova. Resten var fritt og på kvelden hadde me underholdning i peisetova. Og me fekk lov å leggja oss seinare sidan det var vår siste kveld på Gullingen.
Takk for oss!
