God start på skuleåret!

Gullingen leirskule feirer 40 års jubileum

juli 30, 2026

Strålande leirskuleveke for Trones

august 31, 2026

Gullingen leirskule feirer 40 års jubileum

juli 30, 2026

Strålande leirskuleveke for Trones

august 31, 2026

Då er me offiselt i gong med skuleåret 25/26. Det blei ei flott veke! Me har hatt besøk av 7. klasse frå Leirvik skule. Dei har hatt gode opplevelsar og nye erfaringar som dei kan ta med seg vidare inn i 7. klasse

34-26 Leirvik skule

Måndag: På mandag så fekk me ein liten omvisning rundt på leirskulen. Da me skule gå på tur så lekte me Gullingengjømsel og det var ganske kjekt. Seinare på dagen gjekk me ned til Mosvatnet og bada og fiska.

Tysdag: I dag så padla me kano, og det var ganske kjekt. Så trakk me opp eit garn og sløya fisk. Det var sirka 12 fisk i garnet. Etterpå så rodde me robåtar.

Onsdag: I dag så gjek me ein tur i skogen. Når me var i skogen så åt me pinnabrød og me tegna med kolstiftar og malte oss i fjeset med det svarta kolet i botnen av bålet. Så gjekk me i ein buldreveg og klatra.

Torsdag: I dag gjekk me til toppen av Gullingen og det var veldig fin utsikt. Seinare gjekk me og bekkevandra i ein bekk nærme leirskulen. Nokon andre hadde gått ein tur til eit vatn og der fiska dei. Nokon andre gjekk til ein foss der dei kunne teste regntøyet sitt. Etter kveldsmat så var da disko og det var veldig gøy.

Fredag: I dag så gleder alle seg til og komme heim. Men først måte me pakka, rydde og vaske.