Glade elevar frå Svortland skule

Flott veke i vinterleg vèr med Smeaheia skole

desember 7, 2018

Full vinter-leirskule for smilande Gautesete-elevar

januar 18, 2019

Flott veke i vinterleg vèr med Smeaheia skole

desember 7, 2018

Full vinter-leirskule for smilande Gautesete-elevar

januar 18, 2019

Logg veke 2, 2019. Svortland skule

Mandag

Fyrst av alt gjekk me ut fra bussen, det var mange elevar som blei glad for snø og sol, men litt ut over dagen så begynte det å sludde. Me tok bagene vår å gjekk til inngangen til skulen, me fekk rommet vårt og me begynte å raskt å kjenna oss velkomne. Seinare gjekk me ein liten tur for å bli kjent i område. Når me var ferdige med den korte, men kjekke turen med masse historier og lek, så gjekk me ned til matsalen for å ete middag. Der fekk me forsynt oss av ein deilig lapskaus med sjokolademausse som dessert.

Tirsdag

Me vakna tidleg opp for å ete frukost, og gjorde oss klar til den kjekke skituren som nærma oss.

Det var mange som ikkje hadde stått på ski før, som lærte det den dagen. Dei fleste lærte seg å lage bål også den dagen. Me fant oss ein plass som var perfekt å stå på ski i nedover bakker. Etter den lange og lærerike turen, så kom me heim til pasta og laks og pinneis som dessert. Kiosken var open, så det var mange som gjekk å snopte i den.

Onsdag

Me gjekk på ski til den same plassen som på tirsdag, men denne gangen så var det nokre så ville gå på ski litt lengre. Dei kom til mange fine bakker og store hopp. Etter turen, så var det mange slitne og sultne ungar. Heldigvis fekk dei middag nesten med ein gong. Middagen var kylling og ris med gele som dessert. På kvelden hadde me fjelldisco, det var gøy!

Torsdag

I dag kunne me velge mellom skitur og fottur. Dei som gjekk på ski, gjekk til den same plassen som på tirsdag og onsdag, Dei som gjekk på fottur gjekk ein tur oppi fjellet, og der såg masse dyrespor, blant anna hare, rev og mår. Den eine gruppa såg skjelletet til ein mår, og me hørte rykte om at det var nokon som såg ein røyskatt. Middagen var taco som alle hadde gleda seg til, siden mandag. Desserten var kiosk.

Fredag

Det var siste dag, som  var litt trist, men litt greit å koma heim og. Alle fekk ei oppgåva å vaske eller rydda. Denne turen kommer til å være eit minne for livet for dei fleste. Takk for oss