Flott veke med Finnøy

Rekordkulde!

mars 2, 2018

Vintergleder

mars 16, 2018

Rekordkulde!

mars 2, 2018

Vintergleder

mars 16, 2018

I denne veka har me hatt 8. trinnet frå Finnøy sentralskule på besøk. Og dei har kost seg på ski, med orgeltramping, portløyper og hopp, truger og orientering, snøholegraving, og flotte skiturar. Turen til Rota med isfiske, bål og skileik sette eit verdig punktum for veka.

Og på oppsummeringa på fredagen fekk dei vist at dei har lært ein masse i løpet av veka.
Les elevane sin eigen logg og sjå fleire bilde under.

«Måndag:

  • skileik: hauk og due og stiv heks
  • liten skitur i lysløypa
  • meir skileik: orgeltramp og hopp
  • middag: lapskaus og sjokolademousse
  • akekonkuranse
  • kveldsmat og henteleik

Tysdag:

  • truger og kartorientering + bål
  • skileik og skitur utfor løypa
  • middag: laks,potet, grønnsaker og gelè med vaniljesaus
  • bøtteleik og kveldsmat

Onsdag:

  • skitur i vind og snø
  • bål og grilling av pinnebrød
  • tur til frosen foss og skileik
  • snøhulegraving
  • middag hønsefrikase med poteter og sjokoladekake
  • kveldsmat og leik

Torsdag:

  • skitur rundt og på Mosvatnet
  • skileik og bål
  • isfiske
  • middag: komle og pinneis
  • kveldsmat, pakking og rydding
  • disko i klasserommet

Fredag:

    • avreise