
Ivrige elevar frå Austrått skule fekk møte 4 årstider på ei veke!
mai 8, 2026
Fantastisk veke på leirskulen for Skadberg skule
mai 29, 2026
I denne veka har me hatt gleda av å ta med Utsira skole med 5.-7 klasse, og 7. klassingane frå Tjødnalio og Sagvåg skular.
Elevane har kost seg masse på turar i skogen, på Fjellvatnet og på fjellet. Mange har fått nye vener, og dei har klart seg svært godt gjennom veka utan føresette og mobiltelefonen. Ei veke på leirskule gir masse erfaringer og livsmeistring på veg inn mot Ungdomskulen.
Me takkar for «lånet» av elevane. Vårt råd er å gå meir ut på tur i skog og mark.
Under finn du elevane sin eigen logg for veka, og eit knippe bilde frå veka som gjekk.
Logg for veke 21-26,
Sagvåg og Tjødnalio skular
Mandag:
Me kom med buss til Gullingen leirskule og pakket ut. Etter infomøtet gjekk me på tur ned på stranda og bada. Me gjekk oppover mot leirskulen igjen og åt lapskaus te middag, etter midddag var mesteparten av leirskulen ute eller i opphaldståva. Me åt kveldsmat og la oss.
Tirsdag:
Etter ein god frukost, dro 4 grupper på forskjellige turer, 2 grupper spelte O-bingo i fjellskogen og resten var på robåt og kano tur. Etter nokon gode turar, var det heim og spisa taco. Etter det var mangen tilbake ut, en god del opphaldt seg i ståvo. Nokon var uslitt, så dei tok seg ein kvil på rommet. Etter ein stund gjekk folk for og eta kvelds, det var koselig, og etterpå så gjekk me til slutt la oss.
Onsdag:
På onsdag så bytta sjø-gruppene med fjelltur gruppene, det var nett det same som tirsdag. Til middag åt me kjøttkakar i brun saus, var ute og i ophaldstuo (som vanlig). Og så åt me kvelds og la oss til og sova.
Torsdag:
På torsdag så kunne alle velge ein av 3 turar. (1) var til eit fjell der du gjekk i sakte tempo og den var også den kortaste turen. (2) turen var ein litt lengre tur enn (1), og på den turen kunne du ha med fiskestang sånn at du kunne fiske. (3) turen var den lengste, fordi dei skulle på to fjelltoppar. Dei gjekk og i raskast tempo av alle turane, men det var vert det for utsikten. Alle saman fekk og lov til og gå ein ekstra liten tur – som var Bekkevandring! Sjølv om du blei veldig våt, så er det mange som synest at det var den gøyaste turen av alle. Då me kom heim til leirskulen, var det snart tid for middag Denne dagen var det pasta med kyllingryte det synest mange var den beste middagen (så torsdag var ein ganske bra dag). Etter me hadde spist middag, var mange slitne og gjekk og slapte av, men også var det tid for kvelds. Og etter kvelds så var det ikkje så lang tid igjen før me skulle sova.
Fredag:
På fredag så var ein av dei første tinga me gjorde var og eta frukost. Så gjekk alle og pakka tingene sine, og ryddet alt, sånn at det var klart til dei neste som skulle på leirskulen.
Det har vært veldig gøy her på leirskulen, og eg trur mesteparten av oss har hatt det veldig kjekt.
Helsing frå Utsira skole:
Bekkevandring var vått og kaldt, men det var så gøy å bade i bekken! Dette er noe du ikke kan gå glipp av på leirskolen.
Etterpå så var det ingen så sa at det var kjedelig, alle syns det var så gøy.
Da vi var på leirskolen ,så har vi alle lært så mye, for eksempel å sløya fisk, å dra garn, laga bål, og ro og padling.
Når vi gikk tur i skogen så spiste vi kjempegodt pinnebrød og grilla ostesmørbrød, og vi grilla ørret på bål.
Tusen takk for oss! Vi hadde en fantastisk uke på Gullingen Leirskule.
Beste hilsen 5.-7. klasse Utsira Skole















































