Flott vårveke på leirskule for Sola og Storevarden

From Winter to Spring with ISS
april 4, 2025
Full vår i april med Røyneberg elevar
april 25, 2025
From Winter to Spring with ISS
april 4, 2025
Full vår i april med Røyneberg elevar
april 25, 2025

Veke 15 2025 var 6.klassingane frå Storevarden skole og Sola skole på leirskule på Gullingen i lag. Det blei ei skikkeleg flott vårveke for elevane denne veka. Me starta veka med isbading i Mosvatnet, ein frisk start. Andre dagar padla me kano, trakk fiskegarn og fekk heldigvis nok aure til at alle fekk smake nygrilla fisk på bål. Me leita oss og gjennom skogen etter bingo-postar og klatra i små fjell. Sidan det ikkje var nok snø, blei det fottur for alle på torsdagen, men det var berre kjekt. På turavslutningen testa me temperaturen i Bekkevandringsbekken og litt småkjølig var det jo, men gøy. På kvelden hadde me fjelldisco, knallkjekt. Takk for ei superflott veke med mange gode opplevingar!