Flott og variert veke med elevar frå Hjelmeland

Gautesete 8D på vinterleirskule

januar 14, 2022

Glimt frå ei flott veke med Meling skule

januar 21, 2022

Gautesete 8D på vinterleirskule

januar 14, 2022

Glimt frå ei flott veke med Meling skule

januar 21, 2022

Det blei ei variert veke på leirskule for 8.klasseelevane frå Hjelmeland skule. Med skileik, skitur og mot slutten nærast vannski, til fottur og spikkeverkstad. «Båleksamen» bestod dei med glans og med seg heim i bagasjen  har alle elevane kvar sin sjølvlaga Gullingpinne og vikingleika ringkastar.

Uansett kva oppgåver og aktivitetar elevane har blitt presentert for, har dei gått på med stor iver, positiv innstilling og pågangsmot. Her kan de sjå om lesa kva elevane sjølv skriv om veka:

Logg veke 2 – 2022

Hjelmeland skule, 8.klasse

Måndag:

På måndag ankom me leirskulen omtrent klokka 11. Då fekk me utdelt romma våre og me fekk pakka ut av bagasje. Deretter fant me fram skia våre og gjekk ned til lysløypa. Der hadde me skileik og starta med leikar som b.l.a. Hauk og due og stiv heks. Så gjekk dei som ville ein liten tur i lysløypa mens resten rann i ein bakke. Etter me var ferdig hadde me lapskaus til middag og me vart betre kjend med område.

Tysdag:

På tysdag brukte me snøen som var og gjekk tur i Breiastølsdalen. Når me kom fram hadde me skileik, og nokre elevar ville gå litt vidare innover skiløypa til fossen. Me hadde pakka niste ved frokosten og åt den ute ved bålet me laga. Me begynte med dårleg vær og regn, men etterkvart kunne me sjå sola. Etter kveldsmaten ordna lærarane til ein spillkveld.

Onsdag:

På onsdag starta me dagen som vanlig med ei morgensamling. I dag hadde me om økologi. Me fekk også vite kva me skulle lage på spikkeverkstadet dagen etter. Når me var ute gjekk me til fotts. Først henta me emne til spikkeverkstadet. Og så delte me oss inn i grupper og hadde bingo-orientering i skogen. Me åt deretter lunsj i bålstova, og dei som ville kunne grille ostesmørbrød. Etterpå gjekk me ned i lysløypa og hadde skileik, stafett og hopping på ski. Dette var vår siste dag på ski ettersom det vart mildare i været og snøen begynte å regne vekk. På kvelden hadde me disco.

Torsdag:

På torsdag starta me med ei morgensamlinga om sikkerheit i fjellet. Me hadde om snøskred og førstehjelp. Idag var me inne halve dagen på spikkeverkstad. Då laga me ein gullingpinne og ein ringkastar kvar. Resten av dagen var me ute på tur, og me hadde lunsj i bålstova som i går. Dette var siste dagen på tur. Til middag hadde me kyllinggryte, og me fekk is til dessert. I dag var også kiosken åpen, slik som på tysdag.

Fredag:

Fredagen gjekk til pakking og vasking. Dette var var siste dag på leirskule. Alle hadde fått nokre oppgåver som dei skulle gjere før me reiste. Me hadde også ei avslutningssamling klokka 10. Og bussen kom i 11 tida, og me lasta inn bagasjen vår. Me har hatt ei lærerik og kjekk veke på Gullingen leirskule sjølv om været ikkje har vert på topp.