Flott desemberveke med Fjelltun skule

Flott barfrost veke med Kleivane skole
desember 2, 2022
Kjekk vinterveke på Gullingen for Gautesete skule
januar 13, 2023
Flott barfrost veke med Kleivane skole
desember 2, 2022
Kjekk vinterveke på Gullingen for Gautesete skule
januar 13, 2023

Tysdag:
Me kom med bussen til Gullingen Leirskule på tysdag formiddag. Me fekk bagasjen vår og gjekk til romma me hadde fått utdelt. Etter at alle hadde blitt kjent med romma, gjekk me ned i klasserommet og fekk litt informasjon om korleis det skal vere på leirskule og reglene. Me delte oss inn i A og B-klasse og gjekk på ein bli-kjent-tur i skogen. Til middag ble det servert lapskaus og is til dessert. Når det begynte og mørkne så gjekk me på fakkeltur. Då me kom tilbake slappa me av på romma og åt graut til kvelds. Kl. 21:30 måtte me gjere kveldsstellet vårt og det måtte vere ro kl. 22:00.

Onsdag:
Me blei vekka kl. 07:00. Me kledde på oss og gjekk til frukost. Etter vi hadde åte fekk vi oppgåver me skulle gjere, som å vaske do og golv, osv. Me gjekk ned i klasserommet og fekk informasjon om dagen, såg ein episode om Storm og Tinde, me fekk og vite kva me skulle pakke i tursekken og kva me skulle ha på oss. Me møtte på fotballbanen og blei delt inn i 3 grupper. Deretter gjekk me på tur. Me var heldige og fekk sett harespor i snøen. Vi hadde orienterings-bingo. Vinnarane fekk ein slikkepinne til premie. Etter turen laga A-klassen kakemenn og nissar, mens B-klassen laga Gullingenpinne og ei vikingleike. Middagen var taco og etterpå kunne me spele snøfotball, sjå på film, eller spele «Gruble». Me åt kvelds og satt i gang med kveldsstellet vårt.

Torsdag:
Me sto opp, og satt i gong med å stelle og kle oss. Me åt frukost og gjekk ned i klasserommet der me såg ein episode av Storm og Tinde. Me gjorde oss klar til fjelltur og delte oss inn i dei same gruppene som gårsdagen. På turen var me så heldige å sjå revespor, musespor, røyskattspor, elgspor, harespor, rypespor, og to orrfuglar. Ned fjellet akte me på rumpebrett.

Me pynta oss i finklede og gjorde oss klar til julefest og diskotek. Me fekk servert pinnekjøtt og riskrem. På diskoen var det ein lærar-DJ som styra musikken. Det vart quiz og kahoot på slutten av dagen. Alle vart slitne etter all balubaen og kollapsa i seng.

Fredag:
Alle pakka sekkane sine og rydda seg ut av rommet.

Tusen takk for opphaldet vårt her på Gullingen Leirskule.

Helsing 6A og 6B på Fjelltun skule.