
Ei flott vinter veke for Storevarden og Håland skule
april 1, 2022
Fantastisk veke med Skadberg skole
april 22, 2022
Nok ei flott veke er over på Gullingen leirskule. Me har hatt besøk av 7. klasse ved Svortland og Forsand som har storkost seg i snøen, mestra mykje på ski og knytta nye vennskap.
Under finn du bilder og logg som har elevane har skreve kva dei har opplevd denne veka
God helg!
Veke 14 – 22
Svortland og Forsand skule
Måndag
På Måndag fekk me prøvd oss på ski i skileikane. For nokon var dette fyrste gong på ski. Me hadde ulike leikar og ski leik. På kvelden var det rompebrett konkurranse, med slikkepinne til vinnarane. Etter me stod på ski fekk me lapskaus til middag. På kvelden spelte me spel, såg på film og koste oss.
Tysdag
På morgonmøte snakka me om veret og korleis me skal kle oss. Denne dagen fekk me prøvd oss på blant anna skileik, orientering med truger og lage bål. Til middag fekk me servert taco og på kvelden spelte me kort, såg fotballkamp på TV og slappa godt av.
Onsdag
På Onsdag gjekk me i grupper på vår første ordentlege skitur. Me hadde 3 ulike turar inn Breiastølsdalen. Der hadde me ski leik og laga bål. Til middag åt me kylling og ris. Etter middag fekk me ulike hint som leda oss til ein godtepose som var gjøymt i sengene til alle. To av elevane frå Svortland hadde bursdag denne veka så me feira med brownie og song og Forsand såg film. Resten av kvelden slappa me av, og hadde besøk av kvarandre i fløyane.
Torsdag
På Torsdag gjekk me igjen i grupper på tur. Me fikk velge mellom tre forskjellige turar. Alle turane var i området Mosvatnet, men med ulike lengde. I løpet av turen hadde me skileik og bålpause, og nokon prøvde og isfiske. Me hadde kjøttkaker til middag og diskotek på kvelden.
Fredag
Den siste dagen pakka og rydda me, me hadde forskjellige arbeidsoppgåver og alle hjalp til.
Takk for oss
Hilsen 7. klasse ved Svortland og Forsand skule





































