
Super vårveke med elevar frå Røyneberg og Utsira
mai 12, 2023
Sommarvêr med Austrått og Sande skular
juni 2, 2023
7.klassingane frå Litlabø, Sagvåg og Tjødnalio skular er snart ferdige med skuleåret, og då passa det godt å ha ei veke med «samanristing» på leirskule før dei skal treffast igjen på felles ungdomsskule til hausten. På siste dag, såg det ut som at dei blitt godt kjende med kvarandre, der dei sat blanda i klasserommet på leirskulen.
Lukke til på felles ungdomsskule, og hugs å ta godt vare på kvarandre!
Her kan de lesa kva elevane skriv i loggen frå veka og sjå eit lite knippe bilde:
Måndag blei me møtt av alle leirskulelærarane med smil rundt munnen. Me pakka ut på romma våre, og så gjekk me ned i klasserommet. Me blei så delt opp i tre grupper, for å gå på tur i nærområdet. Dei som var tøffe nok, bada i Mosvatnet på slutten av turen. Då me kom tilbake var middagen servert. Etter middagen blei me kjent med kvarandre i stua og ute. Om kvelden hadde me putekrig og gjekk i seng slitne etter ein lang dag.
Tysdag blei me delt inn i fire grupper, to grupper gjekk i skogen og dei to andre var på vatnet. Vatnet heiter Mosvatnet. I skogen var det leiker og konkurransar, me lagde kolstifter og teikna i ansiktet på kvarandre. Me hadde også bingo-orientering. På vatnet rodde eine gruppa i robåt og den andre padla i kano, me trekte garn og sløya fisk. Til slutt grilla me auren på bålet. Me kom tilbake og hadde tacotirsdag og kjøpte godteri i kiosken. På kvelden var Tjødnalio i bålstova og nokon sov der heile natta.
Onsdag gjorde me det same som på tysdag, men dei som var i skogen dagen før, var i dag på vatnet Og dei som var på vatnet i går, var i skogen i dag. Me hadde kjøttkaker i brun saus med grønsaker til middag, og gele til dessert. På kvelden var det filmkveld med soveposar i fellesstova til Sagvåg og Litlabø. Og alle var velkomne! Nokon frå Sagvåg var oppe med bålstova, kor dei hadde bål og grilla pinnebrød. Og dei som ville, kunne sove der også.
Torsdag kunne me velge mellom tre turar. Da var to-toppstur, fisketur og rusletur. På fisketuren var det nokon få som fekk napp, men ingen fisk. Dei gjekk i ca 1 1/2 time før dei kom fram til vatnet. På to-toppsturen, som var den lengste turen, gjekk me opp på Såto og Uranuten. Det var ein kjekk tur med god utsikt. På rusleturen gjekk dei rundt i området og hadde nokre leiker og konkurransar. Turane enda med ein kjekk bekkevandring for dei som ville. Etter turen kom me tilbake og åt middag, og etter middag var det kiosk og diskotek. Etter kveldsmaten kunne Litlabø være i bålstova og grille pinnebrød. Dei spelte også kortspel og hadde leiker. Når Litlabø var i bålstova, kunne fotballfansen frå Tjødnalio og Sagvåg sjå fotballkamp i fellesstova.
Fredag åt me frokost, som var det siste måltidet her på Gullingen. Etter frokosten hadde me rydde- og vaskeoppgåver. Og ein kåring av det ryddigaste rommet på kvar fløy. Det har vært ei veldig kjekk veke, me har opplevd masse i naturen og blitt kjent med nye folk. Denne veka er ei veke me kjem til å hugse lenge. Me har opplevd masse me ikkje trudde me skulle få oppleve! Det har vært ei innhaldsrik veke her på Gullingen.


















































