Ei våt – men gøyal leirskuleveke

Nydelege vinterdagar på leirskule
februar 21, 2025
Leirskuleveke med silkeføre for Figgjo og Grannes
mars 14, 2025
Nydelege vinterdagar på leirskule
februar 21, 2025
Leirskuleveke med silkeføre for Figgjo og Grannes
mars 14, 2025

Det blei ei våt og snøfattig veke på Gullingen leirkule for Meling, Rubbestadneset, Gilje og Våge skular. Det la likevel ingen dempar på iveren til elevane. Sjå meir kva dei har opplevd:

Mandag: Då me kom begynnte me å pakka ut og så møtes me i klasserommet kl.12:30 og fikk vite kva me skulle i dag. Me fekk beskjed om å gå å ta på oss gode varme klær å møtast på pakeringsplasen før me gjekk ner til lysløypa og sto på ski. Seinare på dagen gjekk me å åt middag kl 16 me åt lapskaus. Hadde me litt tid får oss sjølv før me gjekk å la oss klokka 22.

Tirsdag: Tirsdag sto med opp tidleg og åt frukost. Kl 9 gjekk me ned til klasserommet og lærte om vær og vind. Seinere gjekk noken på bingoorientering, og nokon gjekk på ski. Så bytta me etterpå. Til middag fekk me taco. Etterpå var det var kiosk og åttendedelsfinale i sjakkturneringa.

Onsdag: Me sto opp kl 07:05 og gjorde oss klare til frukost før me gjekk til klasserommet. I klasserommet blei me delt i 4 grupper. Etterpå så gjekk me på ein rusketur, der me blei klissvåte. Gruppe 1 og 2 hadde spikkeverkstad og dei lagte gullingenpinnar og ring catcharar.. Me hadde kjøttkaker til middag.

Torsdag: Etter  frokost møtte me i klasserommet og fekk informasjon om dei tre turane me kunne velga. Det var ein skitur og to forkjellige fotturar me kunne velge mellom. Det var ganke mange som ville gå på ski, men ingen som ville gå på den lengste gåturen. På skituren gjekk me opp til skiløypa der var det nokon som bytta på å dra på pulken. Da me kom fram til området der me skulle sette opp leir med ein lavo, der det blei fortalt mange spøkelseshistorier. På veien heim gjekk gruppe 4 ein liten ommvei for å ta ein titt på ørekvamfossen. Så etter me kom heim åt me kyllinggryte å såg på sjakkturnering, imens det var kiosk.

Fredag: På fredag sto me opp til den siste frukosten her på leirskulen. Så måtte me pakka tinga våre, før me gjekk å gjorde dei siske oppgåvene våre. Til slutt var det bildeshow og diplomutdeling.

Takk for ei fin leirskuleveke på Gullingen leirskule.