Spreke øy-væringer i nysnøen

Grannes skole og Suldalsskulane har kosa seg i snøen
mars 8, 2019
Blide elevar i sol og regn
mars 22, 2019
Grannes skole og Suldalsskulane har kosa seg i snøen
mars 8, 2019
Blide elevar i sol og regn
mars 22, 2019

I denne veka har me hatt gleda av å ta med 7. klassingar frå Våge, Gilje, Rubbestadneset og Sørhåland skular ut i vinter-fjellet under Gullingen. Vêret har vore vekslande, med god kuling på tysdag, og tett snøvêr, til strålande sol og vindstille. Men elevane har stått på og kost seg like mykje kvar dag. Flotte hopp, masse skileik, både i og utanfor løype, mjuke fall i laussnøen, og smilande og blide elevar er fasiten. På fredag var konklusjonen klar: Me har lært ein masse, og me vil gjerne vere ei veke til 🙂

Under finn du fleire bilder frå veka.

 

Elevloggen for veke 11-2019

Mandag
På måndag kom me til Gullingen. Der fekk me eit eige rom og pakte ut. Etterpå var det samling, der me fekk litt informasjon om ting som skulle skje. Så gjekk me ut i skileiken. Der hadde me litt fellesleikar, akekonkurranse og avslutta med ein liten skitur oppe i skogen.

Tysdag
På tysdag sto me opp og åt frukost. Etter det var me på samling i klasserommet, der me fekk veta kor me skulle på tur den dagen. Då blei me delt i fire grupper. Gruppe 1 og 2 var nede i lysløypa og sto på ski og sette opp lavvu. Den dagen blåste det så masse at lavvuen knakk, og folk måtte legga seg ned på bakken når det kom store vindkast. Dei to andre gruppene var oppe i skogen og gjekk på truger. Der hadde dei orientering og leita etter postar for å få bingo. Den natta var det Rubbestadneset som skulle få sova i bålstova.

Onsdag
På Onsdag møttest me som vanleg i klasserommet, der me fekk sjå masse ulike dyr. Etterpå var det gruppe 1 og 2 som var på trugetur. Dei og hadde orientering. Dei som var på ski, lekte hauk og dua og stiv heks. Denne dagen var det varmt og fint ver. Gruppe 3 og 4 var på langtur. Dei lagde hopp og grilla ostesmørbrød og pinnabrød. Då dei skulle heim, kunne dei velje to vegar. Den eine vegen var same vegen tilbake, og den andre var å gå eit stykke opp og renna ned i laussnøen. Då me kom heim, var det varm laks og pasta til middag. Denne kvelden var det Gilje sin tur til å sove i Bålstova. Der grilla dei pinnabrød og etterpå la dei seg, men dei våkna på natta og var så kalde at dei gjekk inn.

Torsdag
På torsdag møtte me i klasserommet etter frukost, der me lærte om snøskred og farar i naturen. Seinare fekk me velje mellom 3 turar. Nr 1 gjekk til ein topp på 800 meter i laussnø. Tur nr 1 var den tøffeste og lengste turen. Når dei kom fram var det bål-eksamen. Dei fekk 4 minutt og måtte tenna utan ein voksen. Etter hovudpausen gjekk dei lenger opp i fjellet for å sjå på Gullbolten. Gullbolten er ein stein som ligge mellom to fjell. Heimover var det berre nedoverbakkar, der dei rant i eige spor. Nr 2 gjekk ein litt mindre tur til julehola der di hadde bål og skileik. Nr 3 gjekk innover i Breiastølsdalen. Då dei hadde komme fram, tente dei bål og hadde skileik. Då alle hadde kome heim, var det kylling og ris til middag. Etter middag var det kiosk og disco. Der var det sang og dans. Denne kvelden var det Våge sin tur til å sove i Bålstova.

Fredag
På fredag sto me opp og åt frokost. Etterpå var det tid for å pakke og vaske romma og fløyene. Så møttest me i klasserommet og blei testa i kva me hadde lært. Etter såg me på bilde av opphaldet denne veka. Ca. Klokka elleve blei me henta av bussane og måtte ta farvel med nye venner.

Det har vore eit fint opphald, og me har lært masse.

Takk for oss.