Særskilde behov

Leirskule for alle

For å vere best mogleg førebudd på elevar med særskilde behov, er det viktig at leirskulen blir informert tidleg om elevsituasjonen, slik at leirskulelærerane, foreldre og skulen saman med eleven kan førebu seg til opphaldet.

Mat/diettar
Elevar med allergiar må melde frå om dette til klasselærar. Med særs alvorlege allergiar kan eit skriv frå føresette vere til god hjelp for leirskulen.

Me tilpassar og menyen til ulike diettar. Me kan til dømes lage vegetarmat eller mat med halalslakta kjøt, dersom ein melder inn behovet på førehand.

Tilpassa opplegg
Gullingen leirskule ønskjer at alle i klassen skal føle seg tilpass under eit opphald hjå oss, og me legg difor opp til at alle skal få eit så godt tilbod som mogleg. Nokre elevar vil da trenge eit tilpassa opplegg. Her er behova så ulike at dette må avtalast for kvar elev. For dei som treng hjelpemiddel er det alltid best at eleven tek med det utstyret som ein er vandt med å bruke heime. Leirskulen har nokre hjelpemiddel, t.d. piggkjelke, pulk og saccovogn m.m., som ein kan nytte når ein skal ut på tur.

Gullingen leirskule har elles sovefløy, opphaldsrom og spisesal som er tilpassa brukarar med rullestol.

Medisinering
Dersom ein elev er avhengig av faste medisinar må klasselærar ta ansvar for dette. Det er da viktig at føresette gjer klare avtalar om dette før opphaldet.

Besøk på legevakta
Dette håper vi sjølvsagt å unngå, men dersom det blir behov vert alt enklare om klasselærar har med klasselister med fullt personnummer.

untitled-2