Pakkliste og førebuing

Skal du på leirskule snart? Gled deg 🙂

Ei godt førebudd leirskuleveke er starten på eit vellykka opphald. Mange spørsmål dukkar gjerne opp før ein reiser. Nedanfor prøver me å gi svar å nokre vanlege spørsmål.

Er det lurt å merke klede og utstyr?
Ja. Me anbefaler å merke det meste med namnelappar. Ski og stavar bør også merkast.

Er det mogleg å låne utstyr?
Få har alt utstyr som står i utstyrslista. Det treng ikkje vera noko problem. Prøv først om du kan få låna det du treng av slekt og vener. Går ikkje det så snakk med læraren din. Leirskulen har noko støvlar, skiutstyr og vinterklede til utlån.

Treng eg skismurning?
Nei, leirskulen har dette.

Kva skal eg ta med?
Pakklista for kva du bør ha med er ulik etter kva tid på året du skal til leirskulen. I foldaren finn du pakkliste og mange tips før du reiser.

English versions:

Mobil og kontakt med heimen
Leirskulen anbefaler alle klassar som skal til leirskulen om å ha ei mobilfri leirskuleveke. Denne avgjerdsla blir teke på foreldremøte i forkant.

Om nokon heime må ha tak i deg medan du er her oppe, kan dei ringje til læraren som er med på leirskulen.

Kva ordensreglar gjeld?
Generelt kan me seie at om ein nyttar god folkeskikk, så følgjer ein også ordensreglane på leirskulen. Likevel: Ei punktliste med ordensreglar finn du i foldaren som det er lenka til lenger oppe på sida.