Minnehefte etter opphaldet

Gode minner er til for å deles!

Gullingen leirskule tek mange foto frå aktivitetane kvar leirskuleveke. Nokre av desse bilda kan alle fritt sjå på heimesida til leirskulen.

Leirskulen har og eit samarbeid med firmaet Foto Norden, der klassane kan få laga eit minnehefte frå veka.

Slik går me fram:

  1. Foto Norden tek kontakt med skulen og får avklart om det er ønskeleg å ta imot tilbodet. Skulen sender då evt klasselister med namn på elever, adresser og telefonnummer.
  2. Foto Norden sender eit brev til alle foreldra med eit unikt brukarnamn og passord. For dei som da går inn og registrerer seg, blir leirskuledagboken sendt heim for fritt gjennomsyn i 14 dagar.