Lærarinfo

Gode opplevingar med klassen

Mål for leirskulen

Gullingen leirskule ynskjer å vere ein stad for naturoppleving og læring. Gjennom eit enkelt friluftsliv i nærmiljøet til leirskulen er målet at alle skal få gode og utfordrande opplevingar i naturen.

Kunnskapsløftet
Eit leirskuleopphald er ein del av grunnskuleundervisninga til elevane. Undervisninga på leirskulen er sjølvsagt forankra i gjeldane læreplanar. Vil du sjå kva mål i kunnskapsløftet eit opphald på Gullingen kan bidra til å fylle kan du lese desse vedlegga:

Praktisk førebuing
Før eit leiskuleopphald er det ein del praktiske ting som må ordnast.

  • Bestille buss til og frå leirskulen
  • Halde foreldremøte der ein gir informasjon og vert einige om lommepengar, mobiltelefon m.m.
  • Samle inn underskrifter frå heimen om bading, bilde på internett og overnatting ute
  • Returnere skjema til leirskulen min. ei veke før opphald med antall, romfordeling, allergiar, spesielle behov m.m.

Under finn du lenke til eit praktisk pedagogisk hefte der du finn skjema som skal fyllast ut. I tillegg er det ei lenkje til vedlegga som skal sendast til leirskulen 1,5-2 veker før opphaldet. Denne er i Word-format, slik at du kan skrive inn her direkte.

Du finn òg elev-foldarar for kvar sesong, som du kan kopiere opp som informasjon til føresette og elevar.

Førehandsinformasjon til føresette og elevar til ulike årstider:

English versions: