Kystfolket har gjort fjellet

Denne veka har me hatt besøk av sjuandeklassingar frå Sagvåg, Litlabø og Tjødnalio skular på Stord. Her kan du lesa kva dei har opplevd denne veka.

Hei, her på Gullingen denna veka er det oss elevar fra Sagvåg, Litlabø og Tjødnalio som har vært på Gullingen leirskule.
På mandag fekk me veta kva rom me var komme på og pakka litt ut før me vart teke med på tur. Me gjekk tur i skogen der me lærte om planter og dyr, turen enda ved Mosvatnet der me som ville bada fekk lov til det. Etter me hadde bada gjekk me opp i spisesalen og åt middag.

Tysdagen blei litt anleis sidan då fekk me padla kano og ro robåt. I matpausen grilla me ostesmørbrød på eit bål. Middagen den dagen var taco og det trur eg alle var glad for etter å ha padla og rodd lenge. På kvelden var me med elevar fra dei andre skulane eller var i peisestova og såg film.

 På onsdagen var me på tur i skogen. Der laga me kullstiftar, og me fekk læra litt om kart. Me hadde og orientering på slutten av dagen. Etter den kjekke turen i skogen, dro me tilbake til leirskulen for å spise middag. Idag var det kylling og ris som stod på menyen.

 På torsdag fekk me velga tur etter eigne evner. Me fekk velge mellom 4 turar. På veg tilbake frå turane, fekk dei som ville, stille seg under ein foss for å prøve ut regnkleda sine. Då me var kommet heilt ned, fekk me bekkevandre, før me gjekk opp til leirskulen igjen. Siden det regna mykje denne dagen, var det masse vatn i bekken.

På fredag var det tid for å reise heim igjen. Etter utvask av rommene, var det tid for diplom-utdeling, før me plasserte oss i bussane.

Takk for ei kjempekjekk og lærerik veke her på Gullingen.