Kjekke Vindafjord elevar i austavinden

Spreke Sauda-elevar på besøk i Suldalsheiane
september 22, 2017
Trones skole i vind og vær på Gullingen
oktober 6, 2017
Spreke Sauda-elevar på besøk i Suldalsheiane
september 22, 2017
Trones skole i vind og vær på Gullingen
oktober 6, 2017

No er 8. klassingane frå Ølen og Vikedal skule på veg heimover etter ei flott veke på Gullingen leirskule. Det har vore litt austavind i Suldals-fjella i denne veka, men elevane har tatt denne og andre utfordringer med flott innstilling og store smil, gjennom heile veka. Me på leirskulen er glade for å få Vindafjord-elevar attende på leirskulen. Det er omtrent 15 år sidan sist me hadde elevar frå nabo-kommunen vår.

Les meir om korleis elevane har hatt det i denne veka, i elevane sin eigen logg for veka, og sjå flotte bilde frå leirskuleveka under.

Ølen og Vikedal skular, 8. trinn, på Gullingen leirskule

Første dagen hadde me orientering, og me lærte litt om naturen. Me lærte masse om kart og korleis me brukar det.

Den andre dagen delte dei oss opp i fira grupper. To av gruppene padla i kano og rodde i båt. Dei to andre gruppene gjekk tur til Gullingen eller Såto. På turen fekk me pinnebrød, og me dyppa det i kanel og sukker så det blei som ei bolla, det var godt. Me blei litt meir kjende med dei andre, og blei litt meir knytta til plassen.

Den tredje dagen gjekk dei guppene som hadde padla kano og rodd i båt på fjellet. Ingen kunne gå på Gullingen fordi det var meldt kuling, og det hadde vert synd viss ein elev hadde blåst utfor fjellet. Derfor gjekk dei på to toppar eller på Såto. Den andre gruppa som hadde gått tur på fjellet rodde i båt og padla i kano. Etter middag var det kiosk og bekkevandring. Det var veldig kjekt. Me bada og hoppa i kulpen. På kvelden var det disko. Då hørte me på musikk og dansa.

Den siste dagen måtte me pakka og rydda fordi me skulle heim.

Takk for oss !