Kjekke dagar på Gullingen leirskule

Finnøy og Bokn skule har hatt ei flott vinterveke på Gullingen leirskule. Nå er våren på veg og snøen minkar, men me har likevel hatt masse skileik, trugetur, isfisketur (med fangst) og sjølvsagt korte og lange skiturar. Les logg og sjå fleire bilder under.

Bokn og Finnøy skule, veke 14 2019!

Mandag:På mandag starta me med å bli litt vant med skiene. Me hadde leik, som gjorde oss tryggere på skiene, og etter på gjekk me på ein liten tur etter kor mykje me hadde gått på ski. Meir mot kvelden hadde me akebrettkonkuranse.

Tirsdag: På tirsdag blei me delte opp i ferdighetsgrupper; 1, 2 og 3. Me gjekk forskjellige løyper, men endte opp på samme plass. Der rant me ned bakkar, og igjen blei betre på ski. Me lærte å laga bål

Onsdag: På onsdag gjekk me først på truger. Me var forsatt delte opp i ferdighetane. Så  måtte me laga bål på eiga hand.

Torsdag: På torsdag fekk me velga litt sjølv kva gruppe me ville høyre til. Gruppe 1 gjekk ein lengre tur, med bakkar og flotte utsiktsar, mens gruppe 2 og 3 gjekk lysløypa, i forskjellige tempo. Resten av dagen hadde me skileik.

Fredag:På fredag rydda me og vaska rommene våre og fellesarena. Finnøy måtte reise først og hadde det litt meir travelt. Bokn hadde betre tid og fekk derfor rominnspeksjon sist.

Alt i alt har denne veka vore heilt topp. Me har hatt flotte turar med fint ver, og blitt kjendt med folk frå den andre skulen. I tillegg har me fått god mat kvar dag med godt utvalg. Me har alle forbedra oss på ski og lært mykje om naturen og andre nyttige ting ein treng å vite for å handtere vinteren. Her på skileirskulen har me og hatt flotte ledarar som har funnet på mykje kjekt å gjere. Veret på starten av veka var fint og flott. På slutten blei det meir og meir vind, men heldigvis hadde me lært å kle oss godt, og bygga benk og vegg som skygga for vinden.

Takk for oss, og for at me fekk komma. Det var ein kjekk veka utanom det vanlege på skulen heima!!

!Med venleg helsing Bokn og Finnøy!