Innhald og sesong

På leirskulen ønskjer me at elevane skal oppleva det naturen og omgivnaden har å tilby. Mykje tid blir det og på sosiale aktivitetar om kvelden.

Det er mogleg å reise på Gullingen leirskule heile året. Fleire emne og aktivitetar går igjen i kvar sesong medan andre emne er knytt til årstidene. Her kjem ein kort omtale over innhaldet i dei einskilde sesongane. Me anbefaler og å kikke innom Bilde frå veka: Der finn du aktivitetsbilde frå alle leirskulevekene dei siste åra.

Tilpassa turar
Det er ikkje alle som har vært på fjellet før. Me veit at enkelte fryktar at me skal gå langt? Det skal me ikkje (om du ikkje vil det då). Me legg mykje vekt på at det skal vera GØY. Skal det bli det, må me gå turar som passar alle.

Vinterleirskule
På vinterleirskule blir opplegga tilpassa vêr og snømengder. Flotte skiturar, bålbrenning, mørketur med faklar, graving i snøen, orientering, rompebrettrace, isfiske og ikkje minst skileik høyrer med. Den beste måten å bli god på ski er nemleg å leike med ski på beina. Det gjer me i humpeløyper, orgeltramp, portløyper og fleire med.

Førjulsleirskule
På førjulsleirskule driv me det friluftslivet vêr og føre tillet, både i mørke og dagslys. Me går ut og ser korleis plantar og dyr førebur seg til den kalde årstida. Som oftast blir det fotturar. Men kjem snøen, kan me kanskje få sesongens første skitur! I tillegg høyrer julebakst, juleverkstad og kulturhistorie knytt til natur og juletida med.

Haust og vårleirskule
Vår og haust innbyr Gullingen leirskule til opplevingar i fleire naturtypar. Både vatnet, skogen og fjellet skal prøvast. Kano, båt, fiske, orientering, bading, topptur, buldring, bållaging og bekkevandring er noko av det turane innehalde.

Fritid
Fellesskap, leik og moro. Det kan vere nokre stikkord for fritida. Diverse spel, bordtennis og fjelldisco høyrer med. Utandørs har me idrettsbane med flomljos. Om vinteren er ballbanen og bakkane rundt omdanna til ein skileikeplass. Her finn ein bakkar som passar nybyrjaren, og større bakkar som passar den meir røynde. Om ein vil gå litt lenger på ski, kan ei runde eller to i ljosløypa vere freistande.