Fantastiske dagar på heia

Rosseland skule, 6. kl har hatt fantastiske dagar på Gullingen leirskule denne veka. Sol kvar dag og masse skiglede.Det er ein fornøyd gjeng som no reiser heim. Sjå logg og fleire bilder under

Rosseland skule 6.kl, veke 15-2019

Mandag
På mandag kom me fram rundt klokka 12.00. Me pakka ut og hadde skileik. Etter kvart blei me delt inn etter ferdigheter og gikk ein liten tur. Me synst at det var bra, for da kan alle få det til på deres nivå.

Tysdag
På tysdag hadde me for fyrste gong ei morgonundervisning. Der lærte me korleis me skulle kle på oss etter været, og kva me skulle ha med i sekken. Der blei me og delt inn i gruppene for resten av veka. Gruppe 1 og 2 gjekk til Breiastøldalen og gruppe 3 og 4 gjekk til Solsiden. Gruppe 1 og 2 hadde skileikar, gruppe 3 og 4 rant i bakker for gøy. Det var gøy og kose seg på ski. Kiosken var open for første gong. Det var kjempelang kø og nesten tomt når dei siste kom. Nokon sov i bålhytta, men mange kom tilbake på grunn av kulde.

Onsdag
Til frukost spiste me og laga stor nistepakke. Me hadde som vanleg morgonsamling. Der lærte me om dyr og dyrespor. Det var interessant å lære om dei forskjellige dyra. Me gjekk turer i dei same gruppene som på Tysdag. Der blei me tryggare på ski og lærte å laga bål. Me fekk pinnebrød som me kosa oss med. Nokon sov også i bålhytta den kvelden. Ingen kom heim, og det var kjekt.

Torsdag
Denne morgonsamlinga lærte med om farer med å stå på ski i fjellet,bl.a om skredfare og korleis vi kunne unngå det. På torsdag fekk me velge kva for ein tur me ville gå. Einen var ein topptur på ski.
Toen var ein mellom lang tur på ski til Breiastøldalen. Treen var ein kortere tur til Breiastøldalen.
Den fjerde og siste turen var ein topptur til Såto, på beina. Det var kjekt å kunne velge fottur denne dagen.
På kvelden var det disko. Mange pynta seg. Vi dansa og kosa oss.

Fredag
I dag var det reise dagen. Det har vært ein nydelig veke her på Gullingen leirskule. Fint ver, gode minner. Tusen takk for ei kjempefin veke.

Hilsen 6.trinn, Rosseland skule