Blide elevar frå Moster og Meling

Lye og Storevarden har kosa seg i vinterfjellet
februar 1, 2019
Snø, sol og regn for Vikevåg og Mosterøy skole
februar 15, 2019
Lye og Storevarden har kosa seg i vinterfjellet
februar 1, 2019
Snø, sol og regn for Vikevåg og Mosterøy skole
februar 15, 2019

Elevar frå Moster og Meling skule 7.kl har kosa seg gjennom ei flott vinterveke på Gullingen. Me har vore høgt og lågt: på ski, på truger, mørketur med faklar og isfiske m.m. Det er ein nøgd gjeng som no reiser heim.

Sjå logg og bilder under:

Mandag

På mandag kom me ca klokko 12.

Nor me hadde pakka ut tingo våras så hadde me skileik.

Me hadde hauk og due og stiv heks på ski.

Etter det åt me lapskaus til middag og til desert fekk me sjokolade mouse med vaniljesaus.

Tysdag

På morgonen blei me delt inn i tre grupper.

Gruppe 1 gjekk i lysløypo. Gruppe 2 og 3 gjekk til Breiastølsdalen.

Me hadde hopp, orgeltramp og skileik på turane.

Til middag fekk me taco og ingen desert for da var kiosk.

Onsdag

På førmiddagen hadde alle skileik her på leirskuleområde.

Me grilla pinnabrød og ostesmørbrød til lunsj.

Me fekk kjøtkaker til middag og gele til desert

Me hadde orientering på truger den dagen.

Torsdag

På torsdag kunne velga  mellom 3 turar.

Gruppe 3 var i lysløypo, gruppe 2 gjekk til Breiastølsdalen og gruppe 1 gjekk stølsrunden.

I lysløypa isfiska dei, og gruppe 2 og 1 hadde skileik.

Me fekk kyllingryte til middag og ispinne til desert.

På kvelden etter kvelds var det diskotek i klasserommet.

Fredag

 

Om morgonen stod me opp fordi me skulle reise den dagen.

Alle måtte gjere arbeidsoppgaver og rydde rommet sitt før heimreisen.

Me  hadde oppsumering av det me har lert.

Leirsjefane skulle visa bilder fra turane.

Helsing Moster og Meling skule