Velkommen til Gullingen

Om du ynskjer å bestille opphald for din klasse/skule, så ta kontakt med oss på leirskulen!

Det varierer ut i frå sesong og gruppestorleik kor me har ledige veker og plassar.

Pris for kost og losji for leirskule-klassar på Gullingen leirskule (Frå 01.01. 2024):

  • 4 døgers leirskule, normal veke Kr. 2400.-  pr elev (mån – fre)

Ein lærerar/leder får fritt opphald pr. gruppe ( Frå 20 elevar). Eventuelt fleire vaksne betalar elevpris.

Prisane vert jamleg justert etter normal prisstigning.

Faktura for opphaldsutgifter sendast etter endt opphald frå vertskapet på leirskulen; Gullingen Turistenter

Faktura for undervisning
I tillegg kjem det ein faktura frå Suldal kommune for undervisninga som vert gitt på leirskulen. Frå 01.01.2020 er det statlege øyremerkte tilskottet innlemma i rammetilskottet til kvar kommune. Dette er ein konsekvens av at det no er ein lovfesta rett til leirskule-opphald for alle barn i Norge. Lovfestinga av retten til leirskule trådte i kraft 01.08 2019. Undervisningstilskottet frå staten, gitt i ramme-overføringa til kommunane, dekkjer mesteparten av undervisningskostandene på Gullingen leirskule.

Bestillingsrutinar
Generelt bør skulane bestille plass 4 – 6 år før opphaldet dersom ein har ønskjer om konkrete veker. Men ta gjerne kontakt med oss om klassen/skulen din treng leirskuleopphald i nør framtid også. Me kan ha ledige plassar til deg.

Kontaktinformasjon:
Adresse: Gullingen leirskule, Blåsjøvegen 57, 4230 SAND
Telefon: 52 79 08 70 (kontortid 08.00-10.00)
E-post: [email protected]