8.klasse frå Hjelmeland og Goa

Snø, sol og regn for Vikevåg og Mosterøy skole
februar 15, 2019
Grannes skole og Suldalsskulane har kosa seg i snøen
mars 8, 2019
Snø, sol og regn for Vikevåg og Mosterøy skole
februar 15, 2019
Grannes skole og Suldalsskulane har kosa seg i snøen
mars 8, 2019

Da har ein fantastisk positiv gjeng med 8 klassinga reist frå Gullingen for å ta ein velfortjent vinterferie. Har du lyst å sjå bilder frå veka finn du dei under elevloggen.

 

Logg for veke 7 i 2019

Hjelmeland 8a og 8b og Goa 8. klasse

Heile veka har vore knallkjekk. Det beste var nok den gode stemninga mellom skulane og at me kunne ha det veldig kjekt i lag utan at me kjente kvarandre veldig godt. På mandagen var dei aller fleste veldig spente og alle gleda seg til ein heil veke her på Gullingen. Dette er noko dei fleste vil huske ei lang tid framover. Me opplevde masse kjekke og koselige opplevelser.

Nokon av desse er:

Skiturane:

Skiturane var nok det aller beste på leirskulen. Me gjekk to langturar og ein kort tur. I pausane, og  på  mandag og tirsdag hadde me masse skileik med kulekjøring, slalom, hopp og bakkar til å bruke.

Det  var fleire vanskelegsgradar slik at dei som hadde gått lite på ski eller aldri hadde gått på ski før, kunne tillpasse seg på eit nivå slik at dei klarte å følgje med gruppa si. Mens dei som hadde gått mykje på ski, kunne vera på eit nivå der det gjekk litt fortare og hadde vanskelegare skileik. Slik kunne alle ha det kjekt og mestre skisporten.

Truger:

På tirsdagen fekk alle prøve truger, nokon hadde allerede gjort det på mandags kveld på ein huldrejakt men dei aller fleste hadde aldri prøvd truger før. Dette var uvandt men veldig gøy. Me hadde konkuransar og bingo-orientering med premie for dei så vant

Overnatting i Bålstova:

bare dei tøffaste frå Goa skule turte å overnatte i Bålstova natt til onsdag. Bålstova er ein lukka gapahauk med plass til bål i midten. Denne natta her var fylt med latter og kortspel.

Kveldane:

kveldande var blandt anna fylt med kvikklunch gambling, disco, fotballkamp, kortspel, mafia, film, sminking av gutar og masse latter. Me hadde og kåringar på kveldane, blant anna så var det kåringar på mest inkluderande, beste fall, beste hopp, gullkorn og best framgang på ski.

Disco:

Siste kvelden var det disco, me dansa til musikk og hadde disco lys og ledde mykje, dette var noko av det kjekkaste me gjorde på kvelden.

Dette var berre noko av det kjekke med gjorde. Dette har vert ei heilt fantastisk uke og me har hatt det veldig fint. Dei aller fleste ville nok gjort dette igjen og me har ikkje lyst å reise heim etter denne uforglemmelege uka.

Tusen takk for oss:

Helsing frå alle elevane på Hjelmeland og Goa 8. trinn, 2019