Leirskulen

Gullingen leirskule ønskjer velkommen til flotte opplevingar og god læring i Suldalsnaturen.

img_1326Sidan 1986 har Gullingen leirskule teke tusenvis av unge med inn i naturen. Gjennom eit enkelt og tradisjonsbunde friluftsliv, har leirskulen utvikla ein skule der oppleving og læring går hand i hand. Me ser og leirskuleveka gir elevane gode rammer for å utvikle sosial kompetanse og evne til samarbeid.

Kor ligg Gullingen

Gullingen leirskule ligg ved Mosvatnet i Suldal kommune. Frå Stavanger tek det snaue 3 timar å koma hit, mens det er noko kortare frå Haugesund. Me ligg 20 km frå kommunesenteret Sand.

Leirskulen ligg 570 m.o.h. i fjellbjørkeskog. Det er kort veg til snaufjellet som strekkjer seg opp til 1144 m.o.h. Med sitt varierte og småkuperte terreng er det godt egna som utfartsområde. Snøforholda  er normalt gode heile vinteren.

Det vel 3 km lange Mosvatnet er mykje nytta til bading, kanopadling, roing og fiske. Det er mykje aure i vatnet.

Bygningar og uteområde

Leirskulen vert driven på Gullingen Turistsenter. Elevane bur på 4 -manns rom. Fleire av romma er tilpassa rullestolbrukarar. Alle rom er modernisert dei siste åra.

Me har òg idrettsbane for ballspel med flomljos. Om vinteren er denne og nærliggjande bakkar lagt til rette for skileik. Ljosløype ligg rett i nærleiken.

Nøkkelinformasjon:

  • Mål: Å vere ein stad for naturglede og læring
  • Undervisning: Bemanna leirskule med fire pedagogar.
  • Tilbod: vår-, haust-, førjuls- og vinterleirskule.
  • Varighet: Måndag til fredag
  • Kapasitet: 60-80 elevar
  • Anbefalt leirskule av Norsk Leirskuleforening