Skip to content
narrow screen wide screen auto screen Increase font size Decrease font size Default font size

Gullingen.no


  • Bilde frå Gullingen
  • Bilde frå Gullingen
  • Bilde frå Gullingen
  • Bilde frå Gullingen

Her er du:

Framside
Flotte turminner
fredag 03. september 2010 11:36

a1_137P9020199St.Svithun skule 9.kl fekk ei drømmeveka på Gullingen leirskule. Me starta sjølvsagt med topptur til Gullingen 979 m.o.h. allereie første dagen, og mange fekk inspirasjon til å bestige nye toppar. Moglegheiten kom på langturdagen då heile 22 elevar nådde Reinsnuten 1144 m.o.h. Andre drog på fjellfisketur, og fisk vart det på fleire. Kart og kompass fekk me og nytte ein del denna veka, og ein håpar at elevane bruker kunnskapen på seinare turar.

 

Bilder og logg finn du her.

 
Vått ver, godt humør!
fredag 27. august 2010 12:01

P8230023P8250085

7.kl frå Vanvik-, Fløgstad-, Risvoll- og Austarheim skule fekk ein flott start på nytt skuleår. Me starta friskt med topptur til Gullingen og Grønhovudet. Dei neste dagane bar preg av mykje nedbør, men det satte tydeligvis ingen dempar på naturgleda. Det er godt å ha lavvu og gapahukar å krypa inn i når det regnar som verst. Med lyden frå flomstore bekkar og elvar var det berre kjekt å leggja ut på langtur på torsdagen. På kvelden var sjølvsagt bekkevandring eit høgdepunkt elevane seint kjem til å gløyma....

Bilder og logg finn du her

 
Velkomen til nytt leirskuleår på Gullingen
onsdag 25. august 2010 08:27

bekkevandring-vrPå måndag tok me i mot dei første elevane for leirskuleåret 2010. Det er elevane i 7. klasse frå Sauda kommune og Vanvik skule som er her denne veka. Og, dei starta friskt på måndag med topptur til Gullingen/Grønhovet. Ein flott gjeng som trivast på tur. 

Nytt av året på leirskulen er Gullingen Buldrevegg. Veggen har allereie blitt innvia av dei første elevane på leirskulen.  

Fleire inntrykk frå første leirskuleveke kjem snart.

 
Minnerike opplevingar
torsdag 01. juli 2010 12:57

P6300128P7010153Flyktningane som har vore i Suldal nokre månadar no fekk seg mange minnerike opplevingar på Gullingen. Me fekk prøvd oss på å ro båt, og det var mange fantasifulle forsøk på å få båten framover. Derimot var det lettare å padle kano, og langt av stad bar det.... Fjellturen tok me til Stavastølsdalen og til Uranuten, me var innom stølshistorie og spor etter vikingtid, før me avslutta med friske sprell i bekkevandringsbekken.

 

 

 
Saman før felles U-skule
fredag 18. juni 2010 12:07

P6160085150610_0028_ja_lun-18

Til hausten skal dei fleste ungdomsskuleelevane i Suldal samlast på ny ungdomsskule på Sand. I samband med dette har alle i 9.klasse denne veka vore på leirskulen for gode felles opplevingar og relasjonsbygging. Me har bl. a. vore på Gullingen (979moh), fiska i Mosvatnet og vore i bekkevandringsbekken.

Sealed Mange bilde og elevlogg frå veka finn du her.

 

 
Til toppen
fredag 11. juni 2010 12:15

AAAAAA

Torsdag denne veka kunne elevane på leirskulen velje mellom tre ulike fjellturar. Dei aller fleste, 42 i talet, valte å gå den lengste, til sjølvaste Gullingen (979moh). Dei andre gikk på fisketur (det blei fisk) og til Såto.

Du kan lese logg frå veka og sjå bilde her.

 
Naturopplevingar
fredag 04. juni 2010 09:35

P6020071b_15Foldrøy og Svortland skule frå Bømlo fekk oppleva naturen kring Gullingen på sitt beste denne veka, og nettopp fjelltoppen Gullingen var det fleire som fekk oppleva på nært hold på langturdagen.18 elevar svetta, sleit og smilte seg opp dei lange bakkane til topps, 979 m.o.h., kor resultatet vart ein eineståande utsikt. Andre drog på fisketur og endeleg vart det storfangst, heile 12 flotte aurar drog elevane på land. I fuglekassane våre er det for tida stor aktivitet,egga er klekka og det yrar av liv i reiret.

Bilder frå veka finn du her Surprised

 
Gode dagar i heia
fredag 28. mai 2010 08:58

nettframme-21-10Porsholen, 6. kl. og Sandeid, 7. kl. har hatt gode dagar i heia, og dei har synt stor interesse for å oppleva Suldalsnaturen. Det viste særleg påmeldinga på dei valfrie turane me hadde på torsdag. Heile 30 elevar ville på langtur. Det er mykje fuglelåt i skogen no, og det gjer ein ekstra dimensjon til turane våre. Mange elevar vil nok kjenne att løvsangaren neste gang dei tek seg ein tur ut i skog og hei. Dei som valgte å liggja ute i lavvu, vakna nok tidleg til gauken som er særleg aktiv no i desse dagane. Laughing

Bilder og logg finn du her.

 
Sommaren er her!
fredag 21. mai 2010 11:09

c1_17b1_45

Teinå skule 8. kl fekk ei leirskuleveke med god sommarvarme. Sjølv om vanntemperaturen var heller vinterleg, frista det likavel nokon av elevane til å ta seg ein dukkert. Endeleg fekk me komme i gang med årets første fjellfisketur, noko som tydeleg var populært blant mange. Resultatet blei noko magert, men me lurte no opp 2 aurar. Elevane fekk òg oppleva mykje god kulturhistorie på ferden opp i fjellet med spor etter vikingtid og stølstida.

Fleire bilde og logg finn du her

 
Samhandling i fokus
onsdag 12. mai 2010 14:53

110510_0008_ja_lun-54100510_0008_ja_lun-62

8. klasse frå Sand-, Marvik-, Erfjord-, Jelsa- og Vinjar skule fekk 3 gode dagar på Gullingen leirskule. Til hausten skal dei gå saman på ungdomskulen på Sand og me håpar at alle dei gode opplevingane her oppe har skapt nye gode relasjonar mellom ungdommane. Me har hatt fjelltur til Såto, kanopadlig på Mosvatnet i heftig snøvær og kulturhistorisk vandring før me avslutta opphaldet med bekkevandring i Stavastølsåna.

Sealed Fleire bilde og elevlogg finn du her.

 
Bekkevandring yea yeaaa
fredag 07. mai 2010 12:32

P5060027P5060039

Då er våren i gong for fullt på leirskulen. Saman med sol har 6.kl. frå Aspervika skole gjesta oss. Me har buldra, grilla fisk, orientert, padla, vore på toppar og meire med. Ikkje minst må bekkevandringa nemnast, der var det verkeleg liv og spetakkel. Surprised

Sealed Elevlogg og mange bilde frå veka finn du her.

 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kontakt oss

emailButton Gullingen Turistsenter
con_tel 52 79 99 01

emailButton Gullingen Leirskule
con_tel 52 79 08 70

Fotoalbum

Nytt tilbod: Minnehefte

Demobok_Gullingen
Frå og med 2010 vil alle klassar og elevar/føresette få tilbod om ei leirskulebok i etterkant av opphaldet på Gullingen.
Les meir

Vèret hjå oss

Laurdag 04.09.2010
Klårvêrfrom northwest11°C1.9m/s
0.0mm
Søndag 05.09.2010
Klårvêrfrom west-northwest14°C1.1m/s
0.0mm
Måndag 06.09.2010
Klårvêrfrom southeast17°C3.0m/s
0.0mm
Tysdag 07.09.2010
Lettskyafrom east-southeast15°C6.6m/s
0.0mm
Onsdag 08.09.2010
Lettskyafrom southeast14°C7.3m/s
0.0mm
Weather forecast from yr.no

linkknapp-160x

Foldoy-linkknapp

 

Vi har 10 gjestar her no